Du er her: Fiskeridirektoratet / Statistikk / Fiskeri / Fangst og kvoter / Vekestatistikk


Vekestatistikk for landa kvantum av torsk, hyse, sei og blåkveite 2012

Vekestatistikken gjev eit oversyn over landa kvantum av torsk, hyse, sei og blåkveite fordelt på dei ulike reguleringsgruppene og blir basert på dei til ei kvar tid mottekne landings- og sluttsetler frå fiskesalslaga.

Vi minner om at fangsttala for 2012 er førebelse.

Det vart i samband med fastsetting av regulering av torsk nord for 62°N for 2012 sett av 14 200 tonn til bifangst av torsk ved landing i fisket etter andre artar.

All fangst innanfor ordninga må leverast fersk, og ordninga gjeld for open og lukka gruppe under 21 meter heimelslengde i kystfiskeflåten.

I første omgang opnast det for at eit fartøy på ukebasis frå og med 23. april kan ha inntil 10 prosent bifangst av torsk dersom vilkårea for å kunne delta i bifangstfisket er oppfylt.

Frå og med 2. juli auker bifangstprosenten på ukebasis til 30 prosent.

Fartøya i lukka gruppe i kystfiskeflåten er plassert inn etter Finnmarksmodellen med utgangspunkt i fartøyets heimelslengd.

For fartøy med største lengd over 11 meter, er overreguleringa halvparten så stor som for fartøy med største lengd under 11 meter.


2012

Veke 4 2012 application/pdf (86,94 kB)
Veke 4 2012 application/vnd.ms-excel (36,60 kB)