Ny regiondirektør i Trøndelag
Ståle Hansen er tilsett som ny regiondirektør i Fiskeridirektoratet region Trøndelag. Hansen er utdanna marinbiolog ved NTNU.
Etter avslutta utdanning jobba han nokre år som lærar i Troms, før han flytta tilbake til Trondheim og jobb i Direktoratet for naturforvalting. Sidan 2002 har han vore tilsett i Fiskeridirektoratet region Trøndelag.
– Høg kompetanse er eit kjennemerke på region Trøndelag. Dette er nødvendig dersom ein skal halde tritt med ei fiskeri- og havbruksnæring i rivande utvikling. Våre medarbeidarar har høge forventingar til sjølve å kunne påverke kva som skal gjerast og korleis, noko som kjenneteiknar ei kunnskapsbedrift, seier Hansen.
Minst, men stor på akvakultur
Framover vert det viktig for regionen å behalde og utvikle kompetansen, for å kunne vere like dyktige som næringa. Region Trøndelag har som mål å vere premissgjevar i kystsonespørsmål. Det inneber at dei må vere synlege og tilstades innan dette forvaltingsområdet.
– Å utvikle og føre vidare det gode samarbeidet med næringa, annan offentleg forvalting og FoU-miljøa er viktig dersom vi skal vere i stand til å drive god forvalting og kontroll og samtidig utvikle oss, meiner Hansen.
Region Trøndelag er den minste av Fiskeridirektoratet sine sju regionar, med sine 18 stillingar. Regionen har stor produksjon innan akvakultur, og difor er det også mange anlegg som skal kontrollerast. Når det gjeld fiskeria i Trøndelag er mange av desse sesongprega, med til dømes vinterfiske for Vikna og eit stort sildefiske.
– Det at regionen er liten gjer at dei tilsette må vere fleksible og arbeide på tvers av fagområda fiskeri og havbruk. Dette har vi prøvd ut i eit års tid, og vi ser at vi betre kan utnytte både personalressursar og fagkompetanse på denne måten, fortel Hansen.
Vil vere eit døme til etterfylgjing
Som leiar ynskjer Hansen å gå føre med eit godt eksempel. Han er ikkje redd for å vere tydeleg eller å stille krav, men er også inkluderande og lydhøyr.
– Mi viktigaste oppgåve som leiar er å legge til rette for at mine kollegaer opplever arbeidet sitt som viktig og meiningsfullt, og at dei får høve til å utvikle seg både fagleg og personleg. Å satse på den enkelte medarbeidar sine særskilde kvalifikasjonar, samtidig som ein tek omsyn til interesser og kva ho meiner er viktig for forvaltinga, vil vere ei viktig leiaroppgåve, seier Hansen.
Gler seg til kvar dag
Hansen har vore tilsett i direktoratet i ti år, og har mellom anna arbeidd med sakshandsaming innan havbruk og plansaker, EU sitt rammedirektiv for vatn og marine verneplanar på seksjon for fiskeri- og havbruksforvalting.
– Etter ti år i region Trøndelag har eg enno til gode å ikkje gle meg til å gå på jobb. Dei flotte, kunnskapsrike og fagleg dyktige kollegaene i regionen er ei viktig årsak til dette, avluttar Hansen.
