Oppbevaring av hummer i fredningstiden
Jeg er en ivrig hobbyfisker. Hvordan skal jeg gå frem i forbindelse med oppbevaring av hummer i kiste etter 1. desember. Kan jeg melde dem inn, eller må jeg ta dem opp? Dersom jeg kan melde dem inn, til hvem?
Det er no lov å oppbevare levande hummar i samleteiner i sjøen i desember månad. Det er ikkje knytt meldeplikt til ordninga.
I august i år vart det fastsett nye reguleringar for hummarfisket. Mellom anna vart regelen om at det i hummarfredingsperioden er forbode å oppbevare levande hummar i sjøen endra.
Må ut av sjøen 1. januar
No kan alle som fiskar hummar, uavhengig av om fangsten er registrert for sal eller er til eige bruk, oppbevare hummar i sjøen også i desember månad. All hummar som vert oppbevart på denne måten må vere ute av sjøen 1. januar. Frå og med denne datoen er det berre lov å oppbevare hummar i sjøen dersom den er meint for omsetjing og det er gjeve dispensasjon frå Fiskeridirektoratet eller salslag.
Fiskeridirektoratet gjer merksam på at endringa i regelverket ikkje endrar forbodet mot å fiske hummar i fredingstida.
