Du er her: Fiskeridirektoratet / Fiske og fangst / Aktuelt / Fire krilløyve er delt ut


Fire krilløyve er delt ut

Aker Biomarine Antarctic AS, Ervik Marine Services AS og Krill Seaproducts AS er selskapa som har fått tildelt konsesjon for krilltrål i Sør-ishavet (CCAMLR-området). Aker Biomarine Antarctic AS har fått to konsesjonar medan dei to andre har fått ein.

Trålfartøy. Foto: Scanfishphoto
Fiskeridirektoratet har tildelt fire krilløyve. (Foto: © Scanfishphoto)

Noreg har gjennom sitt medlemskap i CCAMLR høve til å dele ut fire tråltillatelsar og etter ei kunngjering tidlegare i vår kom det inn 12 søknader om å få delta i fisket etter krill i havområda lengst sør på kloden.

– Løyva er gitt til dei søkarane som etter vår oppfatning vil vere dei beste til å ivareta alle forhold i ei konsesjonsordning, herunder også at prøveløyve kan bli gitt permanent, seier seksjonssjef Truls Konow ved Fartøy- og deltakarseksjonen i Fiskeridirektoratet.

I tillegg er det lagt vekt på mellom anna fylgjande andre forhold i sakshandsaminga:

  • Verksemdas tilknytning til Norge
  • Miljø - blant anna med omsyn til fartøy, fangstteknologi, produksjon og utslepp
  • Finansiering og antatt gjennomføringsevne på lang sikt
  • Erfaring og kompetanse på krill.
  • Forskning og utvikling

For Aker Biomarine Antarctic AS er konsesjonane knytt til fartøya «Saga Sea»” og «Atlantic Navigator». Ervik Marine Services AS har fått løyve på fartøyet «Juvel»”, medan Krill Seaproducts AS sitt løyve er knytta til «Vlieborg».