Du er her: Fiskeridirektoratet / Fiske og fangst / Registre / Kjøparregisteret


Elektronisk kjøparregister

Alle som ynskjer å vere registrert som kjøpar i kjøparregisteret må fylle ut søknadsskjema for registrering som kjøpar i første hand av råfisk m.v. og sende dette og dei aktuelle vedlegga til Fiskeridirektoratet.

Gå til kjøparregisteret

Gå til skjema for omsetjing av fisk

Ved registrering føreset Fiskeridirektoratet at dei søkjarar som skal godkjennast som ordinære kjøparar i kjøperregisteret, gjer eit reelt førstehandskjøp. Ein definerar eit reelt førstehandskjøp som ein transaksjon der sluttsetel vert utskriven og at sluttsetelen vert underskriven av representantar frå begge partar, det vil seie skippar og leiar for mottak på land, jamfør sluttsetelføresegna.

Kjøpa skal gå føre seg over godkjende anlegg som kjøpar eig, leiger eller har ei samarbeidsavtale med, og det er ikkje tillate å registrere fleire kjøparar ved dette anlegget.

Dersom ein ikkje fyllar vilkåra for ei ordinær registrering, kan det søkjast om dispensasjon, jamfør registreringsføresegna § 9.

Når dispensasjonssøknaden vert vurdert vert det lagt avgjerande vekt på om kjøpsaktiviteten gjer det mogeleg med ein fullgod ressurs- og kvalitetskontroll. I denne samanhang er det vesentleg å kunne spore aktiviteten tilbake til fartøy.

I tillegg til skjema og vedlegg må det difor ved dispensasjonssøknader gjevast ei kort utgreiing om den omsetjinga ein søkjer dispensasjon for, korleis kjøpa skal gjerast, kvar fisken skal landast, kva for fiskeslag, omtrentleg kvanta og verdi, om det er fersk eller frosen fisk osb. Det må óg følgje med ei grunngjeving for kvifor ein treng dispensasjon.

Ingen søknad vert handsama i Fiskeridirektoratet før dei naudsynte vedlegga, grunngjevingar og så vidare ligg føre. Det må liggje føre eit dokument på det godkjende 01-anlegget i søkjar sitt namn. Dersom det er eit leigetilhøve eller ein samarbeidsavtale, må kontrakt som stadfestar dette leggjast ved søknaden.

Kjøparnummeret i registeret vil vere organisasjonsnummeret i Einingssregisteret. Ved organisasjonsendring som fører til nytt organisasjonsnummer, må ein søkje på nytt og betale nytt gebyr fordi det vert tale om ei ny juridisk eining.

For registrerte kjøparar er alle andre endringar i registeret som det vert gjeve melding om, medrekna søknad om dispensasjon, gratis. Kjøpar pliktar å melde frå til Fiskeridirektoratet om endringar og avslutta aktivitet, jamfør føresegna § 5.

Registrering i kjøparregisteret føreset at regelverket vert lese og følgd.

Les óg: