Du er her: Fiskeridirektoratet / Fiske og fangst / Rapporter/utredninger / Tilrår ikkje overvakingsfiske


Tilrår ikkje overvakingsfiske

Fiskeridirektøren vil ikkje tilrå at det vert etablert eit overvakingsfiske etter håbrann. Ho finn derimot å kunne gå inn for ei vekesavrekning på uunngåeleg bifangst av pigghå for konvensjonelle fartøy.

Fiskeridirektør Liv Holmefjord

Fiskeridirektoratet vart i 2010 beden av Fiskeri- og kystdepartementet om å utforme forslag til eit lisensiert overvakingsfiske etter pigghå og håbrann frå 2011.

Etter at direktefisket etter håbrann vart forbode har årlege norske landingar lagt omkring 10 tonn. Dette kvantumet vert rekna som uunngåeleg bifangst av håbrann.

Uforsvarleg
— Dersom eit overvakingsfiske vert sett i gang vil det kunne medvirke til minst ei dobling av landingane. Ei slik auke er ikkje forsvarleg i den situasjonen bestanden av håbrann synes å vere i for tida, meiner fiskeridirektøren.

Fiskeridirektøren tilrår heller ikkje å igangsetja eit overvakingsfiske etter pigghå, men peikar samstundes på at det er avdekka eit klart behov for meir informasjon om bestanden.

Ein av dei tilgjengelege kildene som ein kan dra nytte av for å få slik informasjon - utan samstundes å beskatta bestanden ekstra - er bifangstinformasjon henta frå sluttsetelstatistikken.

Ukesavrekning
For å betre overvakinga av bestandssituasjonen tilrår fiskeridirektøren difor at Fiskeri- og kystdepartementet innfører ei vekesavrekning på uunngåeleg bifangst av pigghå.

Fiskeridirektøren tilrår at tillatt bifangst settes til 20 prosent og at denne avreknast av samla fangst per veke, etter same ordning som gjeld mellom anna i reguleringa av fisket etter uer med konvensjonelle reiskap.