Rapport om reguleringstiltak for breiflabb
Bør ein innføre einsidige norske reguleringstiltak for breiflabb i Noregs økonomiske sone samstundes som det vert drive eit uforsvarleg trålfiske på same bestanden i tilstøytande farvatn?
Dette er noko av det ei arbeidsgruppe som handsama spørsmål om reguleringstiltak for breiflabb, har diskutert.
Gruppas mandat var i korte trekk:
Å dokumentere kva biologisk kunnskap som dannar grunnlag for å regulere uttaket av breiflabb og å evaluere reguleringsopplegget for 2003, samt kome med framlegg til eit heilskapleg reguleringsopplegg for 2004.
Hovudkonklusjonar i arbeidet er at innsatsen på forsking må styrkast samt at forvaltinga av breiflabben må setjast på dagsorden i høve til EU med sikte på å oppnå eit betre fiskemønster på breiflabben som fellesbestand.
