Vil avgrense petroleumsverksemd
Olje- og energidepartementet (OED) har foreslått at til saman 86 blokker skal lysast ut i 22. konsesjonsrunde. Fiskeridirektoratet tilrår at åtte av desse blokkene ikkje bør opnast for petroleumsverksemd.
Av dei 86 foreslåtte blokkene ligg 72 i Barentshavet, og 14 ligg i Norskehavet. Målsetjinga til OED er at utlysing av blokkene skal skje før sumaren 2012.
Fiskeridirektoratet har i sin høyringsuttale fokusert på fiskeriaktiviteten i områda som er omfatta av dei foreslåtte blokkene.
I tre av blokkene i Norskehavet og fem av blokkene i Barentshavet tilrår Fiskeridirektoratet at det ikkje bør opnast for petroleumsverksemd i det heile.
Desse blokkene er plassert i område som generelt er svært viktige for fiskeria, og som har stor aktivitet gjennom heile året.
Seismikk
I 25 av dei foreslåtte blokkene tilrår Fiskeridirektoratet at det ikkje bør åpnast for seismisk aktivitet gjennom heile eller deler av året.
Dette gjeld tre av blokkene i Norskehavet og 22 av blokkene i Barentshavet.
Det er i stor grad omsynet til fisket etter torsk og hyse, men òg fisket etter lodde og NVG-sild som gjer at Fiskeridirektoratet tilrår desse avgrensingane i seismisk aktivitet.
