Høyring:
Fredingsperiode for leppefisk
Fiskeridirektoratet føreslår at reguleringstiltaka for fisket etter leppefisk i 2011 i all hovudsak vert ført vidare i 2012. Det betyr blant anna ei vidareføring av ordninga med ein fredingsperiode for å gje leppefisken ro til å gyte.
Det er eit av råda i Fiskeridirektoratet sitt forslag til reguleringstiltak for leppefisk som er sendt ut på høyring med frist 1. mars.
Startdato for fisket er viktig for å kunne levere leppefisk når oppdrettarane har behov for denne fisken.
Kunnskap om gytetida er avgrensa, men ein har indikasjonar på at gytinga er temperaturstyrt og derfor kan variere avhengig av kvar på kysten ein er og årlege variasjonar i sommartemperaturen.
Fiskeridirektoratet føreslår at fisket etter leppefisk vert opna:
- 28. mai på Sørlandet
- 18. juni frå Rogaland til og med Sogn & Fjordane
- 2. juli frå og med Møre og Romsdal til og med Nordland
Fiskeridirektoratet meiner at fisket etter berggylt ikkje bør starte tidligare for å gjr leppefisken ro i gyteperioden. Det vil sikre vidareføring av bestandane, slik at leppefisk òg vert tilgjengeleg i komande sesongar.
Selektiv reiskap
Reiskapen som vert brukt i fisket etter leppefisk er ikkje selektiv. Å få meir kunnskap om seleksjonsinnretningar er viktig, slik at ønskt målart og storleik kan fiskast med minimal påverknad.
Fiskeridirektoratet ønskjer å bidra til denne utviklinga. Vi føreslår derfor at det ved søknad og i samråd med Havforskingsinstituttet likevel kan opnast for å starte fisket etter berggylt tidlegare enn dei føreslåtte opningsdatoane, dersom fiskaren kan godtgjere at han kan fiske selektivt etter berggylt over 13 centimeter.
Ønskjer innspel om reiskapsavgrensingar
I 2011 vart det innført reiskapsavgrensingar i den perioden leppefisken gyt på til saman 100 teiner eller ruser.
Det har kome innspel på å forlenge reiskapsavgrensinga til å gjelde heile sesongen, ikkje berre i gytetida. Vi har òg fått innspel om ei alternativ reiskapsavgrensing på 60 ruser eller 120 teiner, eller ein kombinasjon av desse reiskapane.
Fiskeridirektoratet ber om høyringsinstansane sitt syn på desse innspela om reiskapsavgrensingar.
Heve minstemålet
I 2011 har minstemålet for leppefisk vore 11 centimeter, med unntak av leppefisk fiska frå og med Trøndelag og nordover, der minstemålet har vore 9 centimeter.
Fiskeridirektoratet føreslår å fjerne unntaket, slik at minstemålet blir 11 centimeter for heile landet.
Deltaking
Fiskeridirektoratet føreslår at alle som skal drive fiske etter leppefisk i 2012 må søkje om det. Det gjeld òg for bruk av teiner.
