Du er her: Fiskeridirektoratet / Fiske og fangst / Aktuelt / Søk opptak i fiskarmanntalet via Altinn


Søk opptak i fiskarmanntalet via Altinn

Frå 1. mars kan fiskarar søkje om opptak i fiskarmanntalet via Altinn. Både søknad og alle nødvendige vedlegg kan no sendast direkte frå søkjaren sin PC.

– Det elektroniske skjemaet har sjekkpunkt som rettleiar søkjaren gjennom utfyllinga av skjemaet. Vi trur difor at dette vil forenkle skjemautfyllinga for brukarane våre, seier Truls Konow som er sjef ved fartøy- og deltakarseksjonen i Fiskeridirektoratet.

– Samtidig har vi teke høgde for at ikkje alle er like komfortable med elektroniske skjema. Difor vil papirvarianten av skjemaet framleis vere tilgjengeleg.

Skjema for søknad om opptak i fiskarmanntal fins både på norsk og engelsk. Utanlandske søkjarar kan bruke skjemaet, så lenge dei har fått tildelt eit D-nummer i folkeregisteret.