Du er her: Fiskeridirektoratet / Fiske og fangst / Aktuelt / Tildeler ti nye deltakartilgangar


Tildeler ti nye deltakartilgangar

Fiskeridirektoratet lyser ut ti tilgangar til å delta i fiske innanfor tilgangsregulerte fiskeri i 2013 med siktemål å rekruttere nye fiskarar.

Føremålet med tildelingane av deltakartilgang er å rekruttere unge fiskarar til yrket. Søknaden kan gjelde eit tilgangsavgrensa fiskeri etter eige ønskje.

Nytt av året er at den øvre aldersgrensa for å kunne bli tildelt ein deltakartilgang er sett ned frå 35 til 30 år.

I tillegg skal søkjarar med fullført formell utdanning og minimum tre års fartstid frå fiske rangerast først ved tildeling.

Vilkår for tildeling
I medhald av forskriftena sin § 3 må søker oppfylle følgjade vilkår:

a) Søkjar må vere fødd i 1982 eller seinare.
b) Søkjar må vere oppført på blad B i fiskarmanntalet.
c) Søkjer må ha drive aktivt fiske med eit fartøy som vedkomande direkte eller indirekte eig meir enn 50 prosent av, i anten 2010, 2011 eller 2012. Fangstverdi i minst eitt av åra må overstige 100 000 kroner. For 2012 ser ein berre på fangst før søknadsfristen, jamfør bokstav e.
d) Søkjar kan ikkje tidligare ha eigd majoritetsdel i fartøy med deltakartilgang eller konsesjon.
e) Søknad må vere sendt Fiskeridirektoratet region Finnmark innanfor dei fristar og krav til søknad som Fiskeridirektoratet har sett fast.

Fisker. Foto: © Eksportutvalget for fisk
Den øvre aldersgrensa for å kunne bli tildelt ein deltakaråtgang er sett ned frå 35 til 30 år.

Rangeringskriterium
Dersom meir enn 10 søkjarar oppfyller vilkåra for tildeling skal søkjarane etter forskriftena sin § 4 rangerast etter følgjande kriterium i prioritert rekkefølgje:

1. Fullført fiskerifagleg eller anna utdanning (fagbrev), såframt vedkomande har minimum tre års fartstid i fiske frå eige eller andre sine fartøy før denne forskrifta sin vedtaksdato.
2. Dokumentert fartstid i fiske frå eige eller andre sine fartøy før denne forskrifta sin vedtaksdato, der dei med lengst ansiennitet skal prioriterast.
3. Fullført fiskerifaglig eller anna utdanning (fagbrev), der vedkomande har mindre enn tre års fartstid i fiske frå eige eller andre sine fartøy før denne forskrifta sin vedtaksdato
4. Deltaking i ungdomsfiskeordninga.
Ved behov for ytterligare rangering skal det underrepresenterte kjønn prioriterast.

Deretter skal det gjerast ei prioritering ut frå den geografiske fordelinga der søkjarar frå underrepresenterte område vert prioriterte.

Søknadsskjema og søknadsfrist
Søknadsfrist for ordninga er sett til 15. oktober 2012.

Aktuelle søkjarar må nytte vedlagt søknadsskjema som gjeld spesielt for nytildeling av deltakartilgang for 2013.

Det må her gjerast reie for dei nemnde vilkåra og dei vilkåra/opplysingane som vert kravd dokumentert i medhald av søknadsskjemaet.

Der krava til dokumentasjon manglar vil ikkje opplysingane bli tekne med i vurderinga.

Vedtak om tildeling
Fiskeridirektoratet region Finnmark vil foreta sakshandsaminga og tildelinga av deltakartilgang.

Dei som vert tildelt deltakartilgang kan pårekne å delta i fiske frå og med 1. januar 2013.

Dersom mottakar av deltakartilgang ikkje har fartøy i merkeregisteret på tidspunktet for tildeling, må det søkjast om ervervsløyve for fartøyet som vedkomande skal delta med.

Avslag på tildeling vil kunne klagast på etter reglane i forvaltingslova kapittel VI til Fiskeridirektoratet sentralt, som er klageorgan.

Deltakartilgangen sitt innhold
Deltakartilgangar som vert tildelte gjev ikkje rett til fiske ut over det som følgjer av forskrifter gjeve i medhald av deltakerlova § 21 og anna relevant regelverk.

Deltakartilgangar som vert tildelt skal ikkje seinere kunne tildelast ny fartøyeigar ved sal av fartøyet.

Deltakartilgangane sin heimelslengde for kvotetildeling skal fastsetjast ut frå den faktiske lengda på fartøyet per 1. juni 2012, men ikkje større enn 14,99 meter.

Spørsmål kan rettast til Fiskeridirektoratet region Finnmark på telefon 03495.

Søknaden sendast til:
Fiskeridirektoratet region Finnmark,
Postmottak: Postboks 185 Sentrum, 5804 Bergen.

Kvinner vert oppfordra til å søkje.