Du er her: Fiskeridirektoratet / Fiske og fangst / Aktuelt / For mykje fisk i havet?


For mykje fisk i havet?

Den gode bestandssituasjonen for norsk arktisk torsk fører no stadig oftare til så store fangstar at fartøya har problem med å handtere dei.

Det er av og til rett og slett for mykje fisk i havet.

Fangst i not. Foto: © Møreforskning
Både næring og forvaltning oppmodar fiskeflåten til å vente med å sette reiskapen ut straks etter at den er tømt inntil produksjonskapasiteten om bord tillet mottak av nye fangstar. Foto: Eksportutvalget for fisk

Fiskeridirektoratet, Kystvakten og Norges Fiskarlag har retta spesiell merksemd mot dette i det siste og utfordringane med for store fangstar har vore tema på fleire møter mellom forvaltninga og næringa. Torsdag møttest Fiskeridirektoratet, Kystvakten og Norges Fiskarlag til eit dialogmøte i Bergen, der handtering av dei store fangstane var tema.

– Det var naturleg å utvide eit alt planlagt dialogmøte om rekefisket i Barentshavet til også å ta opp den situasjonen med store fangstar som no har vore omtalt, mellom anna i NRK Finnmark. Det blir meldt om så store fangstar av torsk, hyse og sei på så kort fangsttid at fartøya har problem med å berge fangstane. Dette skapar uakseptable situasjonar som den vi har fått illustrert på filmen som mellom andre NRK Finnmark har vist. Derfor er det viktig at næring og forvaltning snakkar saman og blir samde om tiltak for å få slutt på dette. Eg vil få minne om at det er skipperane som har ansvaret ute på fiskefelta og det er viktig at dei utviser ekstra grad av aktsemd når fisken er så tilgjengeleg som no, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Nødvendige tiltak
Både Fiskeridirektoratets overvakingsteneste for fiskefelt og Kystvakten har fått informasjon om trålfangstar tatt på få minuttar og med mellom 50 og 70 tonn fisk, noko som set både mannskap og kontrollmyndigheiter på prøve. På møtet torsdag vart Fiskeridirektoratet og Norges Fiskarlag samde om at det er nødvendig med ei rekkje tiltak for å møte denne utfordringa, som altså er skapt av at det er enorme mengder fisk i havet.

– Godt samarbeid og god dialog mellom næring og forvaltning over mange år har resultert i gode reguleringar og skapt denne gode bestandssituasjonen. Med godt samarbeid og dialog skal vi også møte denne utfordringa, seier styreleiar i Fiskebåtredernes Forbund, Tore Roaldsnes.

Mellom tiltaka som no vert vurdert er å gå oftare ut med aktsemdmeldingar til fiskeflåten, både generelt og i spesielle områder der utfordringane er større enn i andre områder. Slike meldingar skal ikkje berre rettast mot trålarflåten, men også mot andre type fiskeri med risiko for å møte dei same problema som trålarflåten, som til dømes snurrevadbåtane.

Det skal arbeidast både med kortsiktige og langsiktige løysingar, inkludert tekniske løysingar som kan redusere faren for å ta opp for store fangstar.

Unngå «vasking» av trålen
Både næring og forvaltning oppmodar fiskeflåten til å vente med å sette reiskapen ut straks etter at den er tømt, men vente til produksjonskapasiteten om bord tillet mottak av nye fangstar. Dette vil føre til både betre kvalitet på fangstane, og til at den totale produksjonen blir høgare fordi produksjonen blir meir forutsigbar.

I tillegg vil Fiskeridirektoratet be Fiskeri- og Kystdepartementet vurdere å vedta ei føresegn som opnar for å stenge felt med for store konsentrasjonar av torsk, sei og hyse. Men direktoratet vil også sjå på eksisterande regelverk for å sjå om det kan opne for tiltak som kan redusere faren for å få for store fangstar.

Arbeidsgruppe
Fiskeridirektoratet vil i tillegg til å samarbeide med næringa om slike konkrete tiltak også nedsette ei arbeidsgruppe av fagfolk frå næringa, forvaltninga, forskinga og Kystvakten som skal sjå på kortsiktige og langsiktige tekniske løysingar som kan vere med å hindre faren for sprenging av reiskapar som fylgje av for mykje fisk.

– Både fiskeriforvaltninga og næringa er samde om at god dialog er ein viktig faktor for og lukkast med å få redusert risikoen for uønska utkast av fisk som fylgje av reiskapssprengingar. Derfor vil vi halde fram med skippermøte og andre dialogmøte i tida framover, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.