Du er her: Fiskeridirektoratet / Fiske og fangst / Aktuelt / Godt gjennomført silde- og loddefiske


Godt gjennomført silde- og loddefiske

Sett frå Fiskeridirektoratet si side har vinterens silde- og loddefiske gått bra. Fiskeflåten har vist stor aktsemd og det er ikkje registrert notsprengingar i sildefisket i vinter.

Kystfartøy. Foto: © Scanfishphoto

– Vi har stort tru på god dialog med fiskarane, og gjennom skipparmøta har vi greid å setje fokus på dei utfordringar vi ser i ulike typar fiskeri og dette har næringa i stor grad tatt ad notam, seier regiondirektør Gunnar Trulssen i Fiskeridirektoratet region Troms.

Region Troms har det operative ansvaret for kontroll og overvaking av silde- og loddefisket.

Sist veke vart det arrangert eit oppsummeringsmøte mellom dei ulike aktørane som deltar i kontrollen av desse fiskeria.

Godt samarbeid
I tillegg til at dialogen med næringa etter kvart fungerer betre, har også samarbeidet med andre kontrollinstansar som Kystvakt og Norges Sildesalgslag vore svært godt.

– Sjølv om vi ser god framgang i korleis fisket blir gjenomført og at samarbeidet mellom ulike kontrollorgan er godt, har vi framleis utfordringar som vi må arbeide med.

Vi må for eksempel sjå på korleis vi kan få ned bifangsten av torsk i loddefisket og vi må ha større fokus på ein del problemstillingar rundt landing av sild, spesielt knytt til veging av fangstene, seier Trulssen.

Kontrollert 57 000 tonn sild
Det er gjennomført noko færre landingskontrollar i sildefisket enn planlagt.

Ein del kontrollar er gjennomført i samarbeid med Norges Sildesalgslag og dette har fungert svært bra.

Fiskeridirektoratet har kontrollert totalt 57 000 tonn sild på såkalte fullkontrollar eller omsetnadskontrollar.

I loddefisket har Overvakingstenesta i Fiskeridirektoratet gjennomført 330 toktdøgn og kontrollert nær 40 fartøy, noko som er litt mindre enn i fjor.