Du er her: Fiskeridirektoratet / Fiske og fangst / Aktuelt / Ålegras krev særlege omsyn


Ålegras krev særlege omsyn

Ålegrasenger er ein naturtype vi er forplikta til å ta særlege omsyn til, skriv artikkelforfattaren.

I det siste er det kome fram påstandar om at ålegrasenger ikkje er freda eller trua. Men ålegrasenger vert rekna som ein av dei mest produktive biotopane vi har.

Dei er viktige som oppvekstområde for ei rad fiskeartar, og som beiteområde og gøymestad for mellom anna torsk, ål, sjøaure og krepsdyr.

Ålegrasenger er ein utsett biotop på grunn av det aukande presset på norsk kystsone, særleg langs Skagerrakkysten.

Ålegras er verna i medhald av Bernkonvensjonen av 19. september 1979, som handlar om vern av ville europeiske planter og dyr og deira naturlege leveområde. Noreg ratifiserte denne konvensjonen i 1986.

EU sitt habitatsdirektiv om bevaring av naturtypar, ville dyr og plantar dekkjer også ålegras.

Noreg har ikkje slutta seg til dette direktivet, men norsk lovgjeving sikrar dette vedtaket.

Biologisk mangfald
Noreg har også underteikna konvensjonen om biologisk mangfald.

FN sin konvensjon om biologisk mangfald vart forhandla fram i 1992. Stortinget gav norsk tilslutting til avtalen i 1993 gjennom stortingsproposisjon nummer 56 (1992-93).

I følgje artikkel 6 i konvensjonen skal alle sektorar ta ansvar for å integrere omsynet til biologisk mangfald i si forvaltning.

Som statleg fagstyresmakt skal Fiskeridirektoratet sikre viktige regionale og nasjonale interesser i kommunal arealplanlegging i sjø.

Ålegrasenger er med andre ord ein naturtype som vi må ta særleg omsyn til.