Du er her: Fiskeridirektoratet / Fiske og fangst / Aktuelt / Bodskapen er utkastforbod


Bodskapen er utkastforbod

Måndag møtte representantar frå Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet EU-kommissær Maria Damanaki og fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen. Bodskapen frå forvaltarar og forskarar til EU-kommissæren er utkastforbod.

Fiskeridirektør Liv Holmefjord, EU-kommissær Maria Damanaki og fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen. Foto: © Fiskeridirektoratet
Fiskeridirektør Liv Holmefjord (til venstre) var vert for EU-kommissær Maria Damanaki (i midten) og fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen på møtet i Bergen måndag. Foto: Fiskeridirektoratet

Damanaki har satt i gang ein revideringsprosess av EUs fiskeripolitikk der utkastforbod vil bli ei radikal endring i fiskeripolitikken dersom dette punktet blir vedtatt.

Uregistrerte tap
Både direktør Aksel R. Eikemo i Ressursavdelinga i Fiskeridirektoratet og forskingsdirektør Reidar Toresen i Havforskingsinstituttet peikte på dei store tapa utkast av fisk representerer. Eikemo drog mellom anna fram at den store utfordringa for forvaltarane er å undersøke alle former for fiskeri for å finne alle mogelege årsaker til uønska fiskedød, som til dømes utkast.

– Forbodet mot utkast er ein hjørnestein i vår regulering saman med opning og stenging av fiskefelt og bruken av selektive reiskapar. Vi får av og til spørsmål frå mellom anna våre kollegaer i EU om denne reguleringspolitikken virkar. Då drar vi fram oversikten over veksten i bestandane i Norskehavet og Barentshavet og viser at reguleringane så absolutt virkar, seier Aksel R. Eikemo.

Får fort trøbbel
Også forskingsdirektør Reidar Toresen peikte på underrapportering, mellom anna som følgje av utkast av uregistrert fisk, som eit alvorleg problem.

– Dersom berre deler av fangstane blir rapportert i forhold til avtalt tillate totalkvantum (TAC) vil dette skape inntrykk hos forskarane at fiskedødelegheita som følgje av fisking er mindre enn den er. Då vil vi fort få trøbbel, var den klare beskjeden frå Reidar Toresen til EU-kommissæren.