Du er her: Fiskeridirektoratet / Fiske og fangst / Aktuelt / Rekreasjonsfisket større enn yrkesfiskarane trur


Rekreasjonsfisket større enn yrkesfiskarane trur

Fiskeridirektoratet vil ikkje overføre kvotar frå ungdoms- og rekreasjonsfisket til yrkesfiskarane.

Fiskeri- og kystdepartementet har avsett 7000 tonn torsk til ungdoms- og rekreasjonsfisket. Hittil i år er det registrert 1 341 tonn fiska og omsett av denne kvoten, og for 2011 vil dette registrerte fritidsfisket truleg utgjere cirka 1500 tonn torsk.

Mange fiskarar spør kvifor vi ikkje overfører dei resterande 5500 tonna til yrkesfiskarane.

Årsaka er at avsetninga til rekreasjonsfiske – i tillegg til det registrerte fritidsfiske på cirka 1500 tonn for 2011 – òg omfattar fritidsfiske som ikkje er registrert og turistfiske.

– Det er store mørketal for fritidsfisket som vert drive av andre enn turistane, og som ikkje er registrert nokre stader, seier seniorrådgivar Trond Ottemo i Fiskeridirektoratet sin reguleringsseksjon.

Turistfiske. Foto: © Scanfishphoto
Det er store mørketal for fritidsfisket som blir utøvt av andre enn turistane.

Berekning av turistfiske
Turistfisket er av Havforskingsinstituttet berekna til å vere 1613 tonn torsk nord for 62° Nord. Dette estimatet baserer seg berre på turistfiskebedrifter, som Havforskingsinstituttet sjølv har registrert og som i 2009 var 435 bedrifter.

– Men instituttet understrekar sjølv at dei ikkje har ei totaloversikt over alle turistfiskebedrifter, seier Ottemo.

I tillegg er det eit betydeleg tal på turistfiskarar som ikkje leiger seg inn i registrerte turistfiskebedrifter, men som bur hos private hytteeigarar, i eigne campingvogner eller liknande.

Det er med andre ord to grupper av turistfiske som ikkje er omfatta av Havforskingsinstituttet sitt estimat; uregistrerte turistfiskebedrifter og privat innkvartering.

– Det er difor gode grunnar til å anta at den samla fangsten av torsk i rekreasjonsfisket er minst 7000 tonn, og det er difor heller ikkje aktuelt å overføre til yrkesfiskarane sin torskekvote, seier Ottemo.