Foreslår utsatt krav til havneavgangsmelding
Fiskeridirektoratet foreslår å utsette kravet til avgangsmelding (DEP-melding) for flåten mellom 15 og 18 meter. Dispensasjonen skal gjelde til og med 30. september neste år.
Etter at alle fiskefartøy over 15 meter blei pålagt å føre elektronisk fangstdagbok, har Norges Fiskarlag protestert på deler av dei ulike krava som er omfatta av rapporteringa.
Kravet om elektronisk fangstrapportering vart først innført for flåten over 21 meter, og frå nyttår vart kravet også utvida til flåtegruppa mellom 15 og 21 meter.
God dialog
- Vi har hatt to møter med Norges Fiskarlag i vår for å utveksle erfaringar etter innføring av nye reglar om elektronisk rapportering, og vi har hatt ein god dialog om saka. Fiskerimyndigheitene har bruk for informasjon om havneavgang, spesielt dersom eit fartøy leverer deler av fangsten i fleire havner.
- Då er det eit poeng at vi har informasjon om fangsten om bord. Vi vil likevel be Fiskeri- og kystdepartementet om å gi flåten mellom 15 og 17,9 meter, og som ikkje har fangst om bord, dispensasjon frå kravet om avgangsmelding ut september neste år, seier seksjonssjef Stein Åge Johnsen i Fiskeridirektoratet.
I dispensasjonsperioden skal Fiskeridirektoratet sette i gang eit arbeid for å sjå kva nytte avgangsmeldingar (DEP) har i kontroll- og reguleringssamanhang opp mot bruk av annan informasjon fiskeristyresmaktene har tilgjengeleg.
Dette arbeidet skal skje i samarbeid med Kystvakten, og omfattar samanlikning av til dels like fartøygrupper over og under 18 meter.
Nei til utsatt tidsfrist
Fiskarlaget krev mellom anna også at fangstmelding (DCA) som skal sendast ein gong per døgn skal utsettast til kl 12:00 UTC neste dag for å gi fiskarane nok tid til å korrigere eventuelle feil før fangstmeldinga blir sendt direktoratet.
Undersøkelsar som Fiskeridirektoratet har gjort viser at berre 7 prosent av meldingane er blitt korrigert etter at kravet om elektronisk rapportering for flåten mellom 15 og 21 meter tok til gjelde ved årsskiftet.
- Vi meiner at gjeldane tidsfrist, som er 24:00 skal stå og vi viser her til behovet for å harmonisering av regelverket og til hensynet til god kontroll, seier Johnsen.
Nærare opplysningar:
Kommunikasjonssjef Olav Lekve, 958 33 470
