5 prosent kapasitetsauke
Kunngjering av tilbod om 5 prosent kapasitetsauke i biomasse for løyve til akvakultur med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn i Finnmark og Troms.
Den 8. mars 2011 fastsette Fiskeri- og kystdepartementet FOR-2011-03-08-266 Forskrift om auke av maksimalt tillaten biomasse for løyve til akvakultur med laks, aure og regnbogeaure i Finnmark og Troms
Formål og verkeområde
Formålet med denne forskrifta er å gjennomføre ein kapasitetsauke for løyve til matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn i Finnmark og Troms.
Forskrifta gjeld eit tidsavgrensa høve til auke av maksimalt tillaten biomasse for løyve til matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn med 5 prosent av den maksimalt tillatne biomassen mot vederlag, i Finnmark og Troms. Høve til auke gjeld ikkje løyve til matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn til særlege formål.
Melding og frist for å sende melding
Innehavar av løyve til matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn i Finnmark og Troms skal sende melding til fylkeskommunen i det fylket løyvet er heimehøyrande dersom han ønskjer å utvide løyvet. Meldinga skal sendast seinast 9. mai 2011.
Vederlag
For utviding av løyve er vederlaget 150 000 kroner i Finnmark og 500 000 kroner i Troms.
Vederlaget skal vere innbetalt seinast 9. mai 2011 til:
Fiskeridirektorat
Økonomiseksjonen
Postboks 185 Sentrum
5804 Bergen
kontonummer: 7694 05 09 048, og vere merka «Vederlag 2011 – [nummer på løyve]».
Krav til sending og melding
Meldinga skal merkast med: «Melding om kapasitetsauke 2011».
Meldinga skal skje på fastsette
og innehalde:
a) kva løyve meldinga gjeld.
b) dokumentasjon på innbetalt vederlag.
Meldinga skal sendast per rekommandert brev til det fylket løyvet er heimehøyrande.
For løyve i Finnmark:
Finnmark fylkeskommune
Henry Karlsens plass 1
9800 Vadsø
For løyve i Troms:
Troms fylkeskommune
Postboks 6600
9296 Tromsø
Vedtak
Fylkeskommunen i det fylket løyvet er heimehøyrande skal behandle meldinga og gjere vedtak. Fiskeridirektoratet er klageinstans.
