Du er her: Fiskeridirektoratet / Fiske og fangst / Aktuelt / - Set innsatsen inn der det er nødvendig


Ressurskontrollen 2011

- Set innsatsen inn der det er nødvendig

I dag legg Fiskeridirektoratet fram nasjonale risikovurderingar for kontrollen med dei marine ressursane i 2011.

- Ein velfungerande ressurskontroll er eit viktig element i ei totalforvaltning av dei marine resursane. Det gir ein positiv gevinst tilbake til fiskerinæringa og til samfunnet for øvrig, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Risikovurderinga skjer i eit samarbeid mellom Kystvakta, salslaga og Fiskeridirektoratet, som i felleskap har ansvaret for ressurskontrollen langs kysten og til havs.

Fiskeridirektør Liv Holmefjord

Utkast og svarte landingar
Merksemda er retta mot alle typar fiskeri, men ein har eit spesielt fokus retta mot utkast og slipping av fangst samt ulovleg omsetnad av sjømat.

Kystvakta har ansvaret for den operative kontrollen på havet, medan Fiskeridirektoratet rettar sin hovudinnsats inn mot svarte landingar og omsetnad av fisk.

- Men det er viktig å understreke at sjølv om vi rettar spesiell innsats inn mot eitt eller fleire område, så er vi også til stades på andre mindre prioriterte område, seier Holmefjord.

Salslaga er i den nye Havressurslova forplikta til å føre kontroll med bifangst i alle typar fiskeri, og skal ha eit særskilt fokus på dette i 2011.

Godt samarbeid
Den nasjonale risikovurderinga vart hovudtema for det årlege møtet mellom fiskeridirektøren, sjefen for Kystvakta og representantar for salslaga tidlegare denne veka.

Etatane har hatt eit godt samarbeid i mange år. Etter at ein starta opp med nasjonale risikovurderingar for nokre år sidan er kontrollen på havet og på land blitt meir effektiv og rasjonell.

- Vi utnyttar våre ressursar betre og set innsatsen inn der det er nødvendig, seier Holmefjord.