Ungdomsfiskeordning i 2010
Fiskeri- og kystdepartementet endra 13. juli 2010 forskrift om adgang for ungdom til å delta i fisket i 2010 (ungdomsfiskeordningen).
Fiskeri- og kystdepartementet har endra forskrifta slik at Fiskeridirektoratet sine regionkontor kan gje løyve til at det vert fiska for meir enn 50 000 kroner per fartøy, men ikkje per person, dersom det vert fiska frå merkeregistrert fartøy i eit opplegg arrangert av ein kommune.
Fiskeridirektoratet sine regionkontor kan også gje løyve til at det vert fiska større redskapsmengde per fartøy, men ikkje per person, dersom det vert fiska frå merkeregistrert fartøy i eit opplegg arrangert av ein kommune.
