Du er her: Fiskeridirektoratet / Fiske og fangst / Aktuelt / Oppsyn under vårtorskefisket i Møre og Romsdal


Oppsyn under vårtorskefisket i Møre og Romsdal

Frå og med 1. mars til og med 30. april vert det sett oppsyn for Heissafjorden innafor eit område aust for ei linje trekt mellom følgjande posisjonar:

Frå N62° 28.18’ Ø06° 05.42’ Tueneset
N62° 28.16’ Ø06° 03.91’ Erkneflua
Til N62° 26.21’ Ø06° 03.35’ Eltraneset

Avgrensa mot aust til ei linje trekt
Frå N62° 27.75’ Ø06° 10.16’ Slinningsodden
Til N62° 26.42’ Ø06° 10.32’ punkt vest av Langevåg

I same området er det forbod mot bruk av stolpesette garn. Det er likevel tillate med stolpesette garn når høgde på strekt maske i garn og stolper totalt er mindre enn 23 meter.

Reglar for utøving av fiske i området der oppsyn er sett, finn ein i

«Forskrift om torskefiske med line, snøre og snurrevad innanfor 4-mils grensa i den tid oppsynet er sett i Møre og Romsdal»

Regiondirektøren vil samtidig minne om at alt fiske i Borgundfjorden og Aspevågen er forbode med unntak av fiske med handsnøre og fiskestang, jf.

Forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei N62° i 2010

Ein gjer merksam på at reguleringane kan verte endrast utan forvarsel.