Innføring av elektronisk fangstdagbok i 2010 og utvida sporingsplikt
I løpet av 2010 blir det innført krav om elektronisk fangstdagbok for fartøy over 21 meter. Sporingsplikta for fiskefartøy blir også utvida til å gjelde fartøy ned til 15 meter.
Frå 1. april blir det innført krav om elektronisk fangstrapportering for alle norske fartøy over 21 meter. Grensa vil bli flytta ytterlegare ned 1. januar 2011 og kravet vil då omfatte fiskefartøy over 15 meter lengste lengd.
– Dette innebær ei forenkling av allereie eksisterande rapporteringsplikter ved at all rapportering no skal gjerast elektronisk. Dette gir nye mogelegheiter for styresmaktene til å følgje fiskeria nærare, og det gir samstundes fiskefartøya høve til å systematisere eigne data for eit meir effektivt fiske i framtida, seier seniorrådgivar Thord Monsen i Fiskeridirektoratet.
Posisjonsrapportering
Frå 1. mars vil fiskefartøy over 18 meter lengste lengd vere omfanga av sporingsplikta, og frå 1. juni 2010 blir også fartøy ned til 15 meter pålagt posisjonsrapportering.
Frå før er alle fiskefartøy over 21 meter lengste lengd pålagde å sende rapport om posisjon til Fiskeridirektoratet.
– Dette inneber at nærare 700 norske fiskerfartøy vil vere pålagt posisjonsrapportering frå og med 1. juni 2010. Ved hjelp av posisjonsrapporteringa blir det innhenta opplysningar om fartøya sine geografiske posisjonar, i tillegg til opplysningar om fart og kurs på ulike tidspunkt. Formålet er å få betre oversikt over fiskeflåtens aktivitet på havet og på den måten sikre ein rasjonell ressurskontroll. Denne endringa vil også bidra til auka sikkerheit på havet, sidan hovudredningssentralen får tilgang til posisjonsdata, seier Monsen.
Forskrift om posisjonsrapportering og elektronisk rapportering for norske fiske- og fangstfartøy finn du her.
