Du er her: Fiskeridirektoratet / Fiske og fangst / Aktuelt / Urovekkande auke i feilrapportering


Urovekkande auke i feilrapportering

Fiskeridirektoratet har den siste tida avdekt ei mengd saker der fiskarar fører fangst på fartøy som ikkje er eigna eller utrusta til å delta i fiske.

Kaikontroll. Foto: © Fiskeridirektoratet
Illustrasjonsfoto: © Fiskeridirektoratet

– Berre i Nordland, Troms og Finnmark har vi hittil i år meldt 60 saker til politiet. Dette er saker der landingar har vore ført på ein annan båt enn den som har drive fisket. Vi ser også stor grad av underrapportering ved landing, og har avdekka svart omsetting av fisk, fortel regiondirektør Arne Martin Luther i Fiskeridirektoratet Region Troms.

Kvifor skjer dette no?
Luther vil framheve at dei aller fleste fiskarar er lovlydige, men at for mange fiskarar no ikkje fylgjer lover og reglar.

– Mange spør oss om kvifor dette skjer no etter ein sesong med god tilgong på fisk og gode prisar. Vi har ikkje noko godt svar, men ser at smitteeffekten på feilrapportering kan vere stor. Det er difor viktig at vi får bukt med problemet så snart og effektivt som mogleg, seier Luther.

– Mange fiskarar og nokre av kjøparane er uroa for at fiskarar og til og med nokre kjøparar tek seg for godt til rette på vegne av fellesskapet. Konsekvensane kan verte redusert mogelegheit for auke i kvotane neste år, avsluttar Luther.