Du er her: Fiskeridirektoratet / Fiske og fangst / Aktuelt / Seljakt på Internett


Seljakt på Internett

Frå no av kan du finne oppdatert informasjon om kor mange dyr som er att av kvoten på kystsel på Fiskeridirektoratet sine nettsider.

Kystsel. Foto: © Havforskningsinstituttet
Illustrasjonsfoto: © Havforskningsinstituttet.

Fiskeridirektoratet vert jamleg kontakta per telefon og e-post av jegerar med spørsmål om kor mange dyr som er att av totalkvoten. No vert denne informasjonen gjort tilgjengeleg på Fiskeridirektoratet sine internettsider.

Webjørn Svendsen i Norges Jeger- og Fiskerforbund er ein av dei som har sakna denne informasjonen på Internett, og er glad for at ordninga no er på plass.

– Dette trur eg mange jegerar vil sjå nytten av. Å ha informasjonen tilgjengeleg på Fiskeridirektoratet sine nettsider vil mellom anna gjere planlegginga enklare i samband med jakta. Eg ser at faren for å skyte dyr utover kvoten blir redusert med betre tilgang til informasjon. Eg tenkjer då spesielt på steinkobbe, der kvotene i stor grad vert tekne, seier Svendsen.

Kan ringe
Jegerane har framleis mogelegheit til å ringe Fiskeridirektoratet dersom dei ikkje har tilgang til Internett heime eller i jaktområdet.

Telefonnummer til regionane for oppdatert oversikt over skotne dyr:

Region Finnmark:
Oddvar Nilsen, 468 21 662

Region Troms:
Ernst Bolle, 906 88 044

Region Nordland:
Jan Bjarne Eilertsen, 901 31 019

Region Trøndelag:
Roger Stefanussen, 992 50 810

Region Møre og Romsdal:
Tove Lange, 469 09 152

Region Vest:
Karine Smelror, 911 87 128
Linda Larsen, 915 64 584

Region Sør:
Margrethe Høiby, 962 29 257