Du er her: Fiskeridirektoratet / Fiske og fangst / Aktuelt / Resultat av trekning av deltaking i fisket etter botnfisk ved Island i 2008


Resultat av trekning av deltaking i fisket etter botnfisk ved Island i 2008

Linefartøya «Vonar», «Keltic» og «Gayser Senior» er trekt ut til å delta i fisket etter brosme, lange og blålange i Island si økonomiske sone i 2008.

Totalt 35 linefartøy har søkt Fiskeridirektoratet om å få delta i fisket etter botnfisk ved Island for 2008. Kvota på brosme, lange og blålange ved Island er som tidlegare år, på 500 tonn, og Fiskeridirektoratet har føreteke trekning på kven som får delta.

Fylgjande tre fartøy er trekte ut:

VONAR M 0188SØ LMCJ
KELTIC SF0021B LJSL
GAYSER SENIOR M 0202H LMTR

– Fiskeridirektoratet vil sende ut nærare orientering til dei fartøya som har fått tilgang til å delta i løpet av næraste framtid. Dersom nokon av desse fartøya ikkje ynskjer å nytte seg av høve til å delta, må dei melde frå til Fiskeridirektoratet snarast. Vi vil då gje dei neste 32 fartøya som står på venteliste høve til å delta, seier Synnøve Liabø ved Reguleringsseksjonen i Fiskeridirektoratet.

Fartøya som skal delta i fisket etter brosme, blålange og lange har utseglingsfrist 7. august 2008.