Delta i planlegginga av årets hummartokt i Bremanger
Fiskeridirektoratet Region Vest oppfordrar alle interesserte til å delta i planlegginga av årets hummartokt i Bremanger.
I perioden 16. til 25. juni vil Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet sitt hummartokt gå av stabelen i ytre Bremanger.
Dette blir ein vidareføring av dei vitskaplege undersøkingane som vart starta opp i fjor sommar og som ein ynskjer å vidareføre både i år og i åra framover for å få betre kunnskap om hummarbestanden i Bremanger-området. Toktet vert leia av Ann Lisbeth Agnalt frå Havforskingsinstituttet og skal gjennomførast med F/F «Fangst».
I samband med oppstart av toktet inviterer Fiskeridirektoratet Region Vest alle interesserte til eit planleggingsmøte på Knutholmen i Kalvåg 16. juni kl. 12.30.
Målsettinga med møtet er i første rekke å sikre at forskarane får gode og direkte innspel på kva område som er aktuelle for vitskaplege undersøkingar. Møtet er ope for alle interesserte. Dei som ikkje har høve til å delta, men som har meiningar om emnet, kan gjerne ta en telefon eller sende ein e-post til Fiskeridirektoratet Region Vest i Måløy.
Fiskeridirektoratet region Vest og Bremanger fiskarlag har det siste året arbeidd med å etablere eit hummarprosjekt i Bremanger. Ein viktig målsetting med undersøkingane er å få kunnskap som gjer at ein kan gå vidare med desse prosjektplanane.
Bremanger fiskarlag har engasjert seg aktivt, og har mellom anna peikt ut tillitsmenn som forskarane kan bruke som rådgjevarar i arbeidet med å planlegge og gjennomføre undersøkingane.
På same måten som i fjor tek Fiskeridirektoratet Region Vest sikte på å arrangere eit eige møte til hausten for å vurdere og evaluere resultata av forskingstoktet.
Kontaktperson:
Hans Haddal, regiondirektør
Fiskeridirektoratet Region Vest
Tlf. 41 44 64 52
PS: Ann Lisbeth Agnalt skal disputere til doktorgraden fredag den 13. juni. Temaet er hummar. Sjå meir om dette på heimesidene til Havforskningsinstituttet.
