Du er her: Fiskeridirektoratet / Fiske og fangst / Aktuelt / Tilrår ikkje refordeling


Tilrår ikkje refordeling

Noregs Fiskarlag og Noregs Kystfiskarlag har fremja krav om auka kvotar. Fiskeridirektoratet finn ikkje grunnlag for auking eller refordeling av kvotane.

Fisker. Foto: © Eksportutvalget for fisk
Fiskeridirektoratet tilrår ikkje refordeling av kvotane. (Foto: © Eksportutvalget for fisk)

– Det er forventa eit overfiske av konvensjonell kvote i år, sjølv om det ikkje vert føreteke refordeling av kvotane. Utan refordeling forventar vi eit samla overfiske på minimum 3500 tonn ved utgongen av 2007, seier Anne Kjos Veim ved Utviklingsseksjonen i Fiskeridirektoratet.

Fiskeridirektoratet har orientert Fiskeri- og kystdepartementet om at ein ikkje ynskjer å foreta refordeling. Fiskeri- og kystdepartementet har sagt seg einige i dette.

– Det vil neppe vere grunnlag for å auke kvotane seinare i år. Vi vil likevel fylgje fisket nøye i open gruppe og lukka gruppe mellom 15 og 21 meter, seier Veim.