Evaluering av distriktskvoteordninga
Fiskeriforsking har lagt fram ei grundig evaluering av distriktskvoteordinga i 2006. Regjeringa sitt mål var at ordninga skulle vere med å sikre sysselsetjing i fiskeindustrien i Finnmark, Troms og Nordland.
Evalueringa viser at distriktskvoteordninga hadde relativt liten verknad på sysselsettinga i fylka Nordland og Troms. Ordninga var likevel positiv for Finnmark. Tala viser at sysselsettinga hadde auka med om lag 11 årsverk i Finnmark.
Fiskeflåten leverte 2.714 tonn fisk frå distriktskvoter i 2006.
Liten verknad heng saman med at det vart avsett lite kvantum til ordninga. Det vart avsett relativt lite torsk til ordninga, berre 1,6 prosent av totalkvoten.
Mange faktorar spelar inn
Det ordinære fisket hatt mykje å seie for distriktskvoteordninga. Omtrent samtidig som fartøya fekk tildelt distriktskvotar, fekk kystgruppene tildelt store aukingar i den ordinære kvoten. Avgrensing i distriktskvotene gjorde at fartøya fann det meir interessant å fiske ordinære kvotar.
Dersom distriktskvoteordninga skal ha større effekt med tanke på å sikre sysselsetting, kan ein ifølge evalueringa:
- auke mengda fisk som inngår i ordninga
- sette strengare krav for kva for område ordninga skal gjelde
- prioritere fartøy som har fiska si ordinære torskekvote
Dårleg tilgong
Kystflåten er avhengig av tilgong på fisk for å oppnå lønnsemd. I Nordland og Troms er det som regel svært lite fisk om hausten.
Ifølge evalueringa bør fordelinga av distriktskvotene være klar langt tidligare på året. Dette er viktig når aktørane skal planlegge fiske og opphald på ferie og verkstad.
Rapporten vil være viktig når Fiskeri- og kystdepartementet skal arbeide vidare med distriktskvoteordninga.
