Du er her: Fiskeridirektoratet / Fiske og fangst / Aktuelt / Trekking av distriktskvotar


Trekking av distriktskvotar

I dag gjennomfører Fiskeridirektoratet trekking av dei som skal få tildelt kvotar gjennom distriktskvoteordninga. Liste over dei som får tildelt kvotar blir offentleggjort på torsdag.

Foto: © Fiskeridirektoratet
Trekking i Nordland (frå venstre): Håvard Dekkerhus, politibetjent fra Salten politidistrikt, Ole Vangen og Per Sagen. (Foto: © Fiskeridirektoratet)

20. oktober var frist for å søkje om distriktskvote. Distriktskvoteordninga er ei prøveordning som er oppretta for å tilføre råstoff til fiskeindustribedrifter i definerte distrikt i Nordland, Troms og Finnmark.

Talet på søkjarar er høgt, og det ser ut til at mange har søkt om kvote i alle dei tre regionane.

  • Region Nordland har motteke 137 søknader på 93 kvoteeiningar
  • Region Troms har motteke 100 søknader på 39 kvoteeiningar
  • Region Finnmark har motteke 107 søknader på 54 kvoteeiningar

Distriktskvoten, i alt 3 484 tonn, vert tildelt som torskekvote. Kvotane vert tildelt det enkelte fartøy.