Hugs søknadsfrist for Distriktskvoteordninga
20. oktober er frist for å søkje om distriktskvote. Distriktskvoteordninga er ei prøveordning som er oppretta for å tilføre råstoff til fiskeindustribedrifter i definerte distrikt i Nordland, Troms og Finnmark.
Distriktskvoten vert tildelt som torskekvote, og det er sett av et kvantum på 3 484 tonn torsk til distriktskvotar. Kvotane vert tildelt det enkelte fartøy ved å søkje på søknadsskjema som ein finn på Fiskeridirektoratet sine internettsider.
Kvantumet i distriktskvoteordninga er henta frå gruppekvotane for fartøy i følgjande reguleringsgrupper:
- fartøy med heimelslengde mellom 15 og 20,99 meter største lengde som fisker med konvensjonelle reiskap
- fartøy med heimelslengde mellom 21 og 27,99 meter største lengde som fisker med konvensjonelle reiskap
- fartøy med torsketrålløyve
Alle kan søkje
– Distriktskvoteordninga gjeld alle desse fartøygruppene uavhengig av i kva fylke fartøyet er registrert. Det vil bli sett vilkår om landing i distrikt eller til bedrifter som er nærare definerte av fylkeskommunane i Nordland, Troms og Finnmark, seier rådgjevar Trond Ottemo i Fiskeridirektoratet.
Må halde fristen
Søknaden må vere regionkontoret i hende seinast 20. oktober 2006 for å bli teken med.
Ottemo understrekar at det er viktig at søkjar held fristen ettersom heile kvantumet som er sett av til denne ordninga vil bli tildelt dei aktuelle fartøya etter at fristen er løpt ut.
– Søknaden må sendast til Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i det fylket du ynskjer å få tildelt distriktskvote. Dersom ein ynskjer å få vurdert søknaden i fleire fylke, må søknaden sendast til kvart regionkontor. Kvart enkelt fartøy kan berre tildelast éin distriktskvote. Dersom vilkåra er oppfylt for godkjenning i fleire fylke for same fartøy, vil fartøyet bli tildelt éin i samsvar med søkjarens prioritering av fylkane, avsluttar Ottemo.
