Du er her: Fiskeridirektoratet / Fiske og fangst / Aktuelt / Dispensasjon frå forbodet mot å nytte teiner, ruser og botngarn i havbeiteområdet i Bremanger


Dispensasjon frå forbodet mot å nytte teiner, ruser og botngarn i havbeiteområdet i Bremanger

Fiskeridirektoratet Region Vest har med verknad frå dags dato fram til og med 31.12.2006 gjeve dispensasjon til bruk av teiner, ruser og botngarn.

Dispensasjonen er gjeven innanfor konsesjonsområdet til Grotle Havbeite DA på lokalitet 23516 Bremangerlandet Vest i Bremanger kommune.

Dispensasjonen er gjeve med heimel i Lov av 17.06.2005 nummer 79 om akvakultur, Forskrift om tildeling og drift ved havbeiteverksemd av 28.08.2003, § 31 tredje ledd og Grotle Havbeite DA, SF-B-800, sitt mellombelse løyve til å etablere havbeite med hummar dagsett 22.04.2005.

Fiskeridirektoratet Region Vest har vurdert forbodet mot bruk av fiskereiskapane teiner, ruser og botngarn i konsesjonsområdet på nytt. Regelen er fastsett fordi desse reiskapstypane vil kunne skade havbeitedyra eller vera til hinder for gjenfangsten av den utsette hummaren.

Bakgrunn for dispensasjon er at havbeitekonsesjonen ikkje er teken i bruk. Regionkontoret er kjent med at det føreligg planar for utsett av hummaryngel i november 2006. Dispensasjon frå forbodet mot å bruke teiner, ruser og botngarn for perioden fram til 31.12.2006 vil ikkje kunne skade den framtidig utsette hummaryngelen eller hindre gjenfangst av den utsette arten.

Fiskeridirektoratet Region Vest har i si vurdering lagt avgjerande vekt på at andre interesser ikkjevert avgrensa meir enn naudsynt.

Kontaktpersonar:
Fiskeridirektoratet Region Vest:
Regiondirektør Hans Haddal, telefon: 57 85 28 11
Seksjonssjef Kari Morvik, telefon: 57 85 28 13