Hugs å tinglyse frå 01.01.2006
Frå og med 01.01.2006 kan ingen drive akvakultur utan å vere registrert som innehavar av akvakulturløyve i Akvakulturregisteret. Dette er fastsett i lov om akvakultur.
– Tidlegare har ein måtte søkje Fiskeridirektoratet om overføring av akvakulturløyve. Pantsetjing av akvakulturløyve har det som hovudregel ikkje vore høve til, berre for løyve som gjeld havbeite.
– No er det Brønnøysundregistra som skal handsame både overføring og pantsetjing, seier førstekonsulent Marion Stamnes ved Forvaltningsseksjonen på Kyst- og havbruksavdelinga.
Alle overføringar og pantsetjingar av akvakulturløyve som finn stad etter 1. januar 2006, må tinglysast i Brønnøysundregistra.
Blankett for overføring av akvakulturløyver og blankett for pant i akvakulturløyver vert å finne på Brønnøysundregistra sine nettsider frå 1. januar 2006.
Tinglysing av rettsvinningar i Akvakulturregisteret vert å sende til:
Brønnøysundregistra
Akvakulturregisteret
8910 Brønnøysund
Samarbeid
Det er på grunn av den nye akvakulturlova, som trer i kraft 1. januar 2006, at det er oppretta eit akvakulturregister. Dette er eit samarbeid mellom Brønnøysundregistra og Fiskeridirektoratet.
– Brønnøysundregistra og Fiskeridirektoratet skal administrere kvar sin del av Akvakulturregisteret. Fiskeridirektoratet skal ta hand om tildeling og forvaltingsvedtak. Direktoratet skal også handheve vedtaka i akvakulturlova. Brønnøysundregistra skal ta hand om overføringar og pantsetjingar, seier Stamnes.
Fakta
Akvakulturlova
Lov av 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur (akvakulturlova) trer i kraft 1. januar 2006.
Lova erstattar lov av 14. juni 1985 nr. 68 om oppdrett av fisk, skaldyr m.v. (oppdrettslova) og lov av 21. desember 2000 nr. 118 om havbeite (havbeitelova).
I fylgje kapittel V i akvakulturlova skal akvakulturløyve registrerast i Akvakulturregisteret. Lova gjev innehavar ein rett til å overføre og pantsetje akvakulturløyvet. For å oppnå rettsvern må rettsvinningane tinglysast på løyvinga sitt blad i Akvakulturregisteret. Per 1. januar 2006 er det også lagt til rette for tinglysing av utlegg, arrest, mellombels råderett, konkurs, tvangsavhending, abandonering og tvangsakkord.
