Du er her: Fiskeridirektoratet / Fiske og fangst / Aktuelt / Nedgang i norsk fiskeri


Nedgang i norsk fiskeri

Norske fartøy leverte fisk og skalldyr verd nærmare 9 milliardar kroner i 2003. Dette er meir enn 2 milliardar mindre enn året før. Tala for i fjor gjeld førebels og vil venteleg stige noko.

Fisker. Foto: © Eksportutvalget for fisk
MINDRE FRÅ UTLENDINGAR: Utanlandske fartøy leverte fangst for nesten 1,4 milliardar kroner mindre i 2003 enn i 2002. (Foto: © Eksportutvalget for fisk)

Verdien på dei pelagiske landingane var i 2003 rundt 1,4 milliardar kroner lågare enn i 2002. I tillegg vart det levert torskefisk for rundt 900 millionar kroner mindre.

Verdien på bunnfisk og flatfisk som vart levert steig noko, cirka 32 millionar, men det inneber jo lite samanlikna med nedgangen i dei store fiskeria.

Pluss for kongekrabben
Talet på leverte tonn kongekrabbe vart nærmast dobla, til 823 tonn til ein verdi av 58 millionar.

I tillegg til fisk og skalldyr, vart det levert tang og tare for til saman 28 millionar kroner. Verdien på levert tang og tare viser ein jevn nedgang frå 2000.

Utlendingar leverer mindre
Utanlandske fartøy leverte fangst verd noko over 1,7 milliardar kroner i fjor. Dette er ein nedgang på nesten 1,4 milliardar samanlikna med året før. Kvantumet gjekk ned frå 540 millionar tonn til 380.

Kan stige noko
Det kan vere landa fisk som Fiskeridirektoratet enno ikkje har fått opplysningar om, og kvantum og verdi for 2003 vil derfor truleg stige noko. Talmaterialet vert oppdatert innan 15. april 2004.

Statistikken byggjer på data frå sluttsedlane som fiskesalslaga sende inn til direktoratet i slutten av januar. Tala er óg inkludert norske skulekvoter og forskningsfangst som er omsett.

Les også:
Norges fiskerier 2003