Du er her: Fiskeridirektoratet / Fiske og fangst / Aktuelt / Næringa er positiv


REGELFORENKLING:

Næringa er positiv

Fiskerinæringa stiller seg svært positiv til framlegget om å forenkle det tekniske regelverket for utøving av fiske. Dette viser innkomne merknader i høyringsprosessen.

Fiskere. Foto: © Eksportutvalget for fisk
POSITIVE: Både Norges Fiskarlag, Norges Kystfiskarlag og Kystvakten seg positive til at fiskeridirektøren no vil ha alt teknisk regelverk samla i ei føresegn. (Foto: © Eksportutvalget for fisk)

1. juli la ei arbeidsgruppe i Fiskeridirektoratet, leia av seniorrådgivar Arne Wåge i Fiskeridirektoratet, fram eit forslag om å forenkle det tekniske regelverket for fiske. I rapporten vart det tatt til orde for å erstatte 21 føresegner med éi.

Seinare er ytterlegare to føresegner lagt inn i framlegget slik at no vil fiskeridirektøren erstatte 23 føresegner med éi ny om tekniske reguleringar som maskevidde, minstemål og bifangst. Dette tyder mellom anna at talet på paragrafer går ned frå 184 til 80.

Positiv tilbakemelding
Ei rekkje organisasjonar og institusjonar har fått rapporten om forenkling til uttale. Mellom anna stiller både Norges Fiskarlag, Norges Kystfiskarlag og Kystvakten seg positive til at fiskeridirektøren no vil ha alt teknisk regelverk samla i ei føresegn.

– Forenkling av alle typar regelverk i fiskeriforvaltninga er ein kontinuerleg prosess som har svært høg prioritet i Fiskeridirektoratet. Forenkling av det tekniske regelverket er eit ledd i denne prosessen.

–Fiskeridirektoratet vil i løpet av kort tid óg fremja forslag om endring av rapporteringsføresegnene, slik at fartøy som rapporterar til Fiskeridirektoratet skal kunne gjere dette elektronisk frå 1. januar 2005. Vidare har vi sett på ei harmonisering av dei årlege reguleringsføresegnene. Ei eige utgreiing om dette er rett rundt hjørna, seier Wåge.

Rask handsaming
Fiskeridirektøren sender no framlegget om éi føresegn til erstatning for 23 inkludert ei oppsummering av merknadene frå høyringsprosessen, til Fiskeri- og Kystdepartementet.

Departementet har stor merksemd på forenkling, og etter planen vil departementet handsame framlegget raskt med sikte på at føresegna kan tre i kraft alt ved komande årskifte.