Innfører elektronisk fangstrapportering
Norge og EU er samde om at opp til 20 fartøy frå kvar side skal kunne rapportere fangsten elektronisk til den andre parten i år.
For dei fartøya som er med i prosjektet, erstattar denne metoden det eksisterande rapporteringssystemet, seier Paul Oma ved Reguleringsseksjonen i Fiskeridirektoratet.
Meir effektivt
Den nye avtalen er ein oppfølging av pilotprosjektet med elektronisk fangstrapportering som vart starta våren 2003. Målet med dette systemet er at kommunikasjonen mellom fartøy og styresmakter skal bli enklare og meir effektiv.
– Systemet fungerer slik at EU-fartøy som fiskar i norske farvatn rapporterer til norske styresmakter, medan norske fartøy som fiskar i EU-farvatn sender rapportane til EU-kommisjonen, seier Oma.
Partane er samde om at rapportane skal sendast i samsvar med flaggstatsprinsippet, som inneber at fartøya rapporterer til flaggstaten, som igjen rapporterer til Fiskeridirektoratet. Denne metoden brukast i dag ved satelittsporing.
Møtast i oktober
Prosjektet skal evaluerast i oktober i år, og ein tek da ei avgjerd for vegen vidare.
– Eit alternativ kan vere å utvide ordninga til å gjelde fleire fartøy, seier Oma.
Les også:
• Elektronisk fangstrapportering: Starter pilotprosjekt
(FG 20. januar 2003)
