Breiflabben er freda
Etter dei nye reglane er breiflabben freda frå 1. mars til 20. mai i området nord for 62°N. Dette er eit av fleire tiltak for å redusere fiskepresset på bestanden.
I tillegg til fredinga, er minstemålet på breiflabb sett til 60 centimeter.
I garnfisket er det forbode å bruke breiflabbgarn med mindre maskevidde enn 360 millimeter. Eit fartøy kan ikkje drive med meir enn 500 garn, og garna skal røktast annankvar dag.
Det er ikkje tillate å drive direkte trålfiske etter breiflabb, og med redskapene konsumtrål og snurrevad er det derfor berre tillate å fiske breiflabb som bifangst.
Det er óg forbode å bruke meir enn to trålar (dobbeltrål) per fartøy i alt trålfiske i Nordsjøen og Skagerrak.
Regelendringane er innarbeidd i forskrift av 10. oktober 1989 nr. 1095 om maskevidde, bifangst, fredningstid og minstemål m.v. ved fangst av fisk og sild, og har vore gjeldande frå 27. februar 2004.
Les også:
