Rapportar sendt på høyring
Etter ønske frå Noregs Fiskarlag er no rapportane om regulering av fisket etter breiflabb og kystfisket etter uer nord for 62°N, sendt på høyring. Fristen for å svare er 1. februar.
Før møtet i Reguleringsrådet 2. – 3. desember hadde Noregs Fiskarlag bedd om at sakene om uer og breiflabb vart utsatt til rapportane hadde vore på ordinær høyring. Fiskeridirektøren og dei andre medlemma i rådet var samde om dette.
Rapportane er no sendt på høyring, og eventuelle merknadar må sendast til Fiskeridirektoratet innan 1. februar 2004.
Reguleringa av trålfisket etter uer nord for 62°N vart handsama i Reguleringsrådet, og omfattast difor ikkje av denne høyringa.
Gjeldande reguleringar førast vidare inntil høyringa er gjennomført og nye forskrifter for 2004 er fastsatt.
