Fryktar fisken blir gløymt
Fiskeridirektoratet fryktar at interessene til fiskeri- og havbruksnæringa blir gløymt dersom dei føreslåtte endringane i industrikonsesjonslova og vassdragsreguleringslova blir vedteke.
Olje- og energidepartementet legg opp til endringar i industrikonsesjonslova og vassdragsreguleringslova. Forslaget til føresegn er sendt på høyring til Fiskedepartementet, som har bede Fiskeridirektoratet om faglege råd.
Les også:
Vassdragsutbyggjing skadar det marine miljøet
– Fiskeridirektoratet rår Fiskeridepartementet til å støtte dei endringane det er kome framlegg om. Like fullt meiner vi at det bør utarbeidast ein rettleiing om korleis fiskerinæringa sine interesser og fiskeristyresmaktene sin fagkunnskap skal bli høyrt når søknader om konsesjon for små kraftverk vert handsama, seier Lárus Thór Kristjánsson på Kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet.
Trengjer ikkje søkje råd
Olje- og energidepartementet sitt forslag til endring i industrikonsesjonslova vil føre til at den nedre grensa for utførleg konsesjonshandsaming blir endra frå 1000 naturhestekrefter (nkh) til 4000 nkh. Handsaminga av søknader til å starte drift av slike små kraftverk er delegert til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Det vert dermed lovfesta at NVE ikkje trengjer å søkje faglege råd hjå fiskeristyresmaktene i saker som gjelder vasskraftverk under 4000 nhk.
– Fiskeridirektoratet er samd i at ein må arbeidde for enklare sakshandsaming i forvaltninga, men ser ikkje noko positivt i at fiskeristyresmaktene si innverknad på forvaltninga av ferskvassressursane reduserast, seier Kristjánsson.
Fisken er taparen
Fiskeridirektoratet meiner erfaringa viser at det marine miljøet og fiskeri- og havbruksnæringa tapar i konkurranse med dei som ønskjer utbyggjing av vassdrag for kraftproduksjon.
Vassressurslova kan nyttast til å hindre byggjing av kraftverk som kan føre til uopprettelege skader på miljøet eller øydeleggje føresetnaden for andre næringsinteresser. Men for å kunne vurdere om og korleis planlagde vasskraftverk vil ramme fiskeri- og havbruksinteressene må ein ha naudsynt og relevant kunnskap – som per i dag er å finne hos fiskeristyresmaktene.
– Derfor meiner Fiskeridirektoratet at Fiskeridepartementet må starte ein dialog med Olje- og energidepartementet om korleis ein kan sikre at fiskeri- og havbruksnæringa blir høyrd i konkurranse med andre næringsinteresser, seier Kristjánsson.
