Du er her: Fiskeridirektoratet / Akvakultur / Rapporter/utredninger / Tilrår indikatorar for å måle genetisk påverknad


Tilrår indikatorar for å måle genetisk påverknad

Framleis er det tilnærma ukjent i kva grad rømt oppdrettslaks har kryssa seg inn i dei ville laksebestandane. Men indikatorar for genetisk påverknad kan brukast til å overvake tilstanden i elvane.

Villaks. Foto: © Eksportutvalget for fisk
Villaks. Foto: © seafood.no

Rømt oppdrettslaks går opp i lakseelvar og gyt, og innblanding av gener frå oppdrettsfisken er ein av dei største truslane mot villaks i Noreg. Det skal fastsetjast indikatorar som karakteriserer effektane av rømt fisk på villaks. Indikatorane skal byggje på premissane i Regjeringa sin bærekraftstrategi.

Havforskingsinstituttet og Norsk institutt for naturforsking har etter oppdrag frå Fiskeridirektoratet og Direktoratet for naturforvaltning gjennomført ei utgreiing av indikatorar for genetisk påverknad av rømt oppdrettslaks på ville laksebestandar.

Tilrådingane går ut på å bruke molekylærgenetiske indikatorar og overvake situasjonen i mange lakseelvar ved hjelp av desse.