Du er her: Fiskeridirektoratet / Akvakultur / Rapporter/utredninger / Doble nøter inga varig løysing


Doble nøter inga varig løysing

Dobbel not av standard multifilament nylontråd vil ikkje utgjere ei varig løysing for å hindre rømming av torsk frå oppdrett, går det fram av ein rapport SINTEF har utarbeidd på oppdrag frå Fiskeridirektoratet.

Er det hensiktsmessig å innføre krav om doble nøter i torskeoppdrett?
Oppdrettstorsk kan bite seg gjennom tradisjonelle nylonnøter og rømme. Frå eit miljøperspektiv er dette svært uheldig, og fiskeristyresmaktene har fått SINTEF Fiskeri og havbruk AS til å vurdere om det er eit godt tiltak å krevje bruk av doble nøter.

Særskild merksemd
I regjeringa sin strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring er framtidsretta torskeoppdrett gjeve særskild merksemd.

Oppdrettsanlegg. Foto: © Norges sjømatråd
Illustrasjonsfoto av anlegg for oppdrett av torsk. Foto: © Norges sjømatråd

Det vert peika på ulike tiltak for å sikre ei bærekraftig torskeoppdrettsnæring, og det vert stilt spørsmål ved om bruk av doble nøter er hensiktsmessig.

SINTEF uttalar i rapporten at det finns lite offentleg kunnskap om dette temaet. Deira konklusjonar baserer seg i stor grad på intervju med næringsutøvarar som har hatt erfaring med denne typen not.

Hindrar ikkje rømming
Ein hovudkonklusjon er at dobbel not av standard multifilament nylontråd ikkje vil utgjere ei varig løysing for å hindre rømming av torsk. Begge nøtene vil vere utsette for napping/gnag frå torsk og vere like utsette for gnag/brot på grunn av uver og risikofylte operasjonar som tradisjonelle merder.

Innføring av eit slikt tiltak vil ikkje eliminere rømming.

Det vert vist til operasjonar med doble nøter vil bli meir komplekse og at dette kan auke talet på rømmingshendingar om det vert innført som krav.

For torskeoppdrett er det meir truleg at nye notmateriale av kraftigare monofilament eller annen type «tråd» vil vere eit langt meir effektivt tiltak for å hindre rømming.

Positiv gevinst
Rapporten viser at drifts- og investeringskostnadene vil bli vesentleg høgare om ein bruker dobbel not.

Ein positiv gevinst ved å montere dobbel not er at oppdrettar tidleg kan få varsel om hol i den innste nota. Røktarane vil kunne observere fisk mellom posane og ha muligheit for å setje i verk tiltak som kan hindre vidare rømming av fisk.