Du er her: Fiskeridirektoratet / Akvakultur / Aktuelt / Varslar landsomfattande kontroll


Varslar landsomfattande kontroll

I løpet av september og oktober vil Fiskeridirektoratet gjennomføre ein offensiv for å kontrollere at akvakulturanlegg som nyttar eldre komponentar er i forsvarlig teknisk stand. Vi vil vitje sjøanlegg over heile landet.

Ny forskrift om krav til teknisk standard for flytande akvakulturanlegg (NYTEK) tok til å gjelde 1. januar 2012. I forskrifta krev ein mellom anna at eldre komponentar utan produktsertifikat skal ha hovudkomponentbevis innan 31.desember 2012. Frå 2006 til 2011 hadde desse komponentane krav om dugleiksbevis.

Overgangsperiode i 2012
I 2012 er det ikkje noko krav til dokumentasjon for slike komponentar, og næringa har fram til årsskiftet på å fase ut gamalt utstyr eller få det vurdert etter nytt regelverk.

– Samstundes gjeld krava om at anlegga til ei kvar tid skal vere i forsvarleg teknisk stand og at drifta skal vere teknisk forsvarleg. Vi vil no kontrollere at bruk av gamle komponentar ikkje gjev uakseptabel risiko for rømming, opplyser Tor-Arne Helle ved tilsynsseksjonen i Fiskeridirektoratet

Stålanlegg for akvakultur. Foto: © Fiskeridirektoratet
Fiskeridirektoratet rettar kontrolloffensiv mot sjøanlegg med eldre komponentar, Stålanlegg er ein av hovudkomponentane som vil bli kontrollerte. (Foto: © Fiskeridirektoratet)

Den nye NYTEK-forskrifta skal sikre at Norsk Standard 9415 om tekniske krav til flytande akvakulturanlegg vert følgd.

For ein del av krava som krev planlegging og investeringar er det lagt opp til ein overgangsperiode på eit år frå forskrifta tok til å gjelde.

– Når ordninga er heilt på plass frå og med 1. januar 2013 har nok ein del komponentar blitt tekne ut av drift på grunn av for dårleg teknisk tilstand. Andre har fått eit hovudkomponentbevis som gjer at dei kan nyttast vidare, seier Helle.

Dette er i tråd med regjeringa sin «Strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring», der eit av tiltaka er å skjerpe regelverket for tekniske krav og standardar.

Mange anlegg har gamle komponentar
Fiskeridirektoratet reknar med at mykje av det gamle utstyret som tidlegare kravde dugleiksbevis er skifta ut, og at det i dag i hovudsak er snakk om nyare anlegg der ein nyttar enkelte gamle komponentar.

Brønnbåt ved akvakulturanlegg. Foto: © Fiskeridirektoratet
Flytting av fisk mellom akvakulturanlegg og brønnbåt kan medføre auka rømmingsfare. Forskriftsmessig utstyr er ein viktig bit i alle fasar i denne prosessen. (Foto: © Fiskeridirektoratet)

For å møte utfordringane har Fiskeridirektoratet bedt inspeksjonsorgana om ei oversikt over dugleiksbevis som vart gjeve frå og med 2006. Oversikta viser at dei områda som har størst oppdrettstettleik også har flest anlegg med eldre komponentar.

– Vi er klar over at bildet kan ha endra seg og tar høgde for dette under offensiven. Hovudkomponentar som stålanlegg, flåte, flytekrage i plast og kanskje nokre eldre nøter vil vere våre kontrollobjekt, fortel Helle.

Utveljing av lokalitetar vil også bli sett i lys av den ordinære risikovurderinga som Fiskeridirektoratet utfører.

Direktoratet er opptatt av at ein også i denne overgangsfasen har fokus på teknisk tilstand og rømmingstryggleik. Tidspunktet for direktoratet sin offensiv er ikkje tilfeldig valt.

– Det er no mindre enn fem månader til alle skal ha eit anleggssertifikat. Vi vil bruke stikkprøver for å følgje opp at stoda på anlegga er tilfredstillande fram mot at anleggssertifikatsertifikat skal vere på plass, avsluttar Helle.

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Henrik Hareide - 971 47 978
Seniorrådgjevar Tor-Arne Helle - 468 02 694

Fakta

Her er noko av det Fiskeridirektoratet sine medarbeidarar kjem til å sjå etter:

  • for dei utvalde anlegga skal vi i hovudsak kontrollere at drifta på anlegget/komponenten er forsvarlig etter § 31, første ledd, i NYTEK forskrifta, der det står: «Innehaver akvakulturtillatelse skal påse at det flytende akvakulturanlegget til en hver tid er i forvarlig teknisk stand».
  • ettersyns- og vedlikehaldsloggar, samt tilstandsrapportar tilhøyrande komponenten
  • risikovurderingar knytt til komponentar
  • prosedyrar for tilsyn og vedlikehald