Du er her: Fiskeridirektoratet / Akvakultur / Aktuelt / Vis respekt for ferdsleforbodet


Vis respekt for ferdsleforbodet

Fiskeridirektoratet ber oppdrettarane i Hardanger tilpasse beredskap og bemanning i høve til ferdsleforbodet og auka risiko for organiserte krenkingar av plikta til aktsemd nær oppdrettsanlegga.

Fiskeridirektoratet har motteke meldingar om at Miljøvernforbundet sitt fartøy Miljødronningen legg seg nær oppdrettsanlegg i Hardanger og førebur utsett av ROV (miniubåt). På forbundet sine heimesider blir det opplyst at det allereie er filma under eit oppdrettsanlegg i Os og at aksjonen vil fortsetje i Hardanger.

Dette er åtferd som fører med seg auka risiko for skade på anlegg, fortøyingar, rømming og forstyrring av fisken i anlegga. Fiskeridirektoratet ser svært alvorleg på saka.

Vi oppfordrar oppdrettarane og publikum til å melde frå til Fiskeridirektoratet eller Politiet dersom dei blir vitne til slike hendingar. Den som nærmar seg eit oppdrettsanlegg må vere klar over den særlege risikoen som er knytt til dette. Generelt blir krava til kunnskap og aktsemd skjerpa. I høve til bruk av ROV må ein òg vere merksam på anlegget sine fortøyingar som kan strekkje seg langt ut frå anlegget.

I høve til einskilde aktivitetar er norma for aktsemd konkretisert. Det er ikkje tillate å fiske nærare enn 100 meter frå anlegget, og det er eit absolutt ferdsleforbod på 20 meter frå anlegget. Ferdsleforbodet er definert som avstand til anlegget i overflata og gjeld i heile vannsøyla ned til botnen.

Kontaktperson

Hans Haddal, telefon 414 46 452