Du er her: Fiskeridirektoratet / Akvakultur / Aktuelt / Ti kystkommunar manglar plan


Ti kystkommunar manglar plan

Av 279 kystkommunar er det berre ti som ikkje har kystsoneplan i det heile teke. – Det er eg fornøgd med, seier Ragnar Sandbæk, som er seksjonssjef ved planseksjonen.

Saken er oppdater 21. juni 2012:
I den opprinnelig saken ble dessverre kommunene Ski og Halden presentert som kystkommuner som ikke hadde utarbeidet kystsoneplan. Dette er ikke riktig. Ski er ikke kystkommune og Halden har utarbeidet kystsoneplan. Vedlagte kart er rettet i henhold til dette.

– Det er ein fin tendens at berre 10 kystkommunar manglar plan, men det er framleis mange kommunar som har gamle planar. Desse treng revidering og rullering, seier Sandbæk.

Har store interesser i kystsona
– For å kunne minske interessekonfliktar i ei kystsone, der fleire og fleire melder si interesse for bruk, er kystsoneplanar viktige, held Sandbæk fram.

Det er ikkje Fiskeridirektoratet si oppgåve å halde styr på kva kommunar som har kystsoneplanar, men direktoratet har store interesser i kystsona og er difor opptekne av status for kommuneplanane i kystsona.

Storm i kystlandskap. Foto: © Scanfishphoto
Berre 10 kystkommunar manglar kystsoneplan. Illustrasjonsfoto: © Scanfishphoto

Difor gjer vi denne årlege øvinga med å kartleggje kva kystkommunar som har/manglar plan.

Dei «flinke» er framleis «flinke»
Kartlegginga viser at det stort sett er dei same kommunane som har eller ikkje har kystsoneplanar.

– Kvar enkelt får gjere seg opp ei meining om kva ho tykkjer om sin eigen kommune sin posisjon i denne samanhengen, men eg finn det overraskande at ein del viktige kystkommunar har for gamle og utgåtte planar, seier Sandbæk.

Av dei ti kommunane som heilt manglar kystsoneplan er halvparten av desse i Møre og Romsdal fylke. Også i fjor var det flest kommunar i dette fylket som mangla kystsoneplan.