Du er her: Fiskeridirektoratet / Akvakultur / Aktuelt / Nordisk kystkulturkonferanse i Bergen


Nordisk kystkulturkonferanse i Bergen

6.-8. juni vert det arrangert nordisk konferanse om sjømat og kulturarv i Bergen. Det er Direktoratsgruppa for kystkultur som har hovudansvaret for opplegg og gjennomføring.

Direktoratsgruppa er sett saman av representantar frå Fiskeridirektoratet, Kystverket, Riksantikvaren og Norsk kulturråd

Kystkultur ei viktig brikke
Formålet med konferansen er å styrke kunnskap og bevisstheit om kulturhistoria til sjømat.

Skreifiske. Foto: © Eksportutvalget for fisk
Skreifiske - ein viktig tradisjon i norsk fiskeri. (Foto: © Norges sjømatråd)

– Vi ynskjer å vise korleis historiske forteljingar, tradisjonskunnskap og kulturminne knytt til fangst, foredling og omsetnad av sjømat er ein ressurs både for sjømat- og tenestenæringane, reiseliv og for lokal og regional utvikling, seier Ragnar Sandbæk, som er Fiskeridirektoratet sin representant i Direktoratsgruppa for kystkultur.

Konferansen tek mellom anna føre seg viktige tema som:
• likskapar og ulikskapar i den nordiske sjømatkulturen
• sjømat og kulturminne
• sjømat og kulturmøte
• utfordringar i dei nordiske kystsamfunn
• den historiske sjømatkulturen som ressurs for lokal og regional utvikling
• nytt nordisk kjøkken med røter i historiske tradisjonar

Naturleg utviding
– Direktoratsgruppa har arrangert nasjonale kystkulturkonferansar i ti år. Men sidan Noreg har formannskapet i Nordisk ministerråd i år, var det ikkje unaturleg å utvide til ein nordisk kystkulturkonferanse, fortel Sandbæk.

Bruk eige skjema for påmelding
Konferansen vert halden på Clarion Hotel Admiral i Bergen. Det er laga eit eige skjema for påmelding. Påmeldingsfristen er 31. mai 2012.

Kystlandskap. Foto: © Eksportutvalget for fisk
Foredling av naturressursane som er hausta langs kysten. (Illustrasjonsfoto: © Norges sjømatråd)

Alle delarrangement inkludert matservering vert dekka av ei deltakaravgift på kroner 850,-. Reise og overnatting må deltakarane syte for sjølve.

Mange godbitar
– Konferansen er open for alle, så her er det først til mølla-prinsippet som gjeld. Vi håpar på 130-150 påmelde, seier Sandbæk.

Av dei mange rosinene i programpølsa kan vi nemne ekskursjon til Øygarden, omvisning på Bryggen og foredrag som spenner frå kvalfangst og champagne til lakseeksport og EUs hygienedirektiv.

Konferansen vert opna av fiskeridirektør Liv Holmefjord og fylkesvaraordfører Mona Hellesnes, og held fram med foredrag om framtidas sjømatnæring av fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Konferanse, torgdagar og kystens dag
– Fredag 8. juni glir konferansen over til å markere torgdagane i den nye mathallen på fisketorget. Konferansen vert avslutta fredag 8. juni klokka 15.00, men laurdag 9. juni held vi fram med Kystens dag, der årets hovudmarkering er i Bergen, avsluttar Sandbæk.

Fakta

Samarbeidspartnarar, medarrangørar og støttespelarar:

  • Nordisk ministerråd – ved det nordiske fiskerisamarbeidet (EK Fisk) gjev støtte til konferansen ved å dekkje om lag halvparten av budsjettet.
  • Konferansen har nordiske samarbeidspartnarar som Fiskeri- og Søfartsmuseet i Esbjerg, Stefansson Arctic Institute i Akureyri og Fishernet (NORA-samarbeidet) ved Museene for kystkultur og gjenreisning/Nordkappmuseet.
  • Museum Vest, Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Norsk Sjømatsenter er lokale medarrangørar.
  • Stiftelsen Norsk matkultur og prosjektet Ny nordisk mat har gjeve råd om servering og presentasjon av nordiske sjømatprodukt.