Nytt skjema forseinka
Biomasseskjema i Altinn er utsett til 1. april. I februar og mars skal oppdrettarane difor inntil vidare rapportere i det skjemaet dei pleier å bruke.
Altinn klarar ikkje å få på plass biomasserapportering i Altinn II til 1. februar som planlagt.
Innehavarar av matfisk- og stamfiskløyve må difor rapportere biomasse i Altinn I-skjema i februar og mars (for januar og februar).
Oppdrettarar som brukar fagsystem (Fishtalk og AquaFarmer) kan rapportere som vanleg.
Fagsystema var klare for rapportering i Altinn II til 1. februar. Fagsystemleverandørane har likevel tatt arbeidet med å reversere til Altinn I.
Velviljen hos fagsystemleverandørane gjer at forseinkinga hos Altinn vil ha lita praktisk tyding for oppdrettarar som brukar Fishtalk eller AquaFarmer.
Manuell rapportering
Oppdrettarar som rapporterer manuelt skal halde fram med å bruke det skjemaet dei pleier.
Feltet for sjøtemperatur er obligatorisk å fylle ut, men oppdrettarane treng ikkje fylle ut felta for luseteljing i biomasseskjemaet.
Klart i april
Altinn har forplikta seg til at biomasseskjema skal vere klart i Altinn II til 1. april.
