Du er her: Fiskeridirektoratet / Akvakultur / Aktuelt / Oppdatert informasjon om rømming


Oppdatert informasjon om rømming

Fiskeridirektoratet oppsummerar situasjonen så langt etter uveret som har vore den siste tida.

Smøla
Fiskeridirektoratet si førebelse vurdering er at det ikkje har rømt fisk frå Marine Harvest AS sin lokalitet i Bremnessvaet i samband med den mistanken som vart meldt inn 05.12.11.

Fiskeridirektoratet region Møre og Romsdal arbeider med å klarlegge årsaka til at det oppstod eit hol på 60 centimeter på 26 meters djup i ei av merdane på lokaliteten. Holet er reparert av dykkar.

Eksempel på notskade forårsaket av slitasje fra bunnringkjetting Foto: © Heidi Moe, SINTEF Fisker og havbruk
Hol i not. Illustrasjonsfoto: © Fiskeridirektoratet

Det er gjennomført eit omfattande forsøk på gjenfangstfiske i anlegget og i randsona til lokaliteten. Ingen oppdrettsfisk er fiska, og gjenfangstfisket vert i samråd med regionkontoret avslutta i dag.

På lokalitet Bremnessvaet var det slakteklar fisk på cirka 5 kg og lokaliteten er no under utslakting. Dersom nokon skulle få oppdrettsfisk i området er Fiskeridirektoratet er svært interesserte i å få opplysingar om dette. Ta i så fall kontakt med Jan Erich Rønneberg.

Roan
På Salmars sitt anlegg på Masterholmen i Roan kommune vart det i går føreteke ei oppteljing av talet på laks som er att i ei oppdrettsnot der det var antatt at rømming kunne ha funne stad.

Totalt var det ifølgje selskapet sine opplysingar sett ut 345 014 fisk i denne nota.

Tørrteljing med smoltteljar, som direktoratet ser på som det mest pålitelege ved denne fiskestørrelsen, viser at merda inneheldt 283 500 laks. Det er såleis ein manko på 61 514 fisk i denne nota.

Det er knytt noko uvisse til denne teljemetoden sjølv om det er den mest pålitelege. Difor legg Fiskeridirektoratet til grunn at om lag 60 000 laks har rømt.

På det noverande tidspunkt er det ikkje muleg å seie noko om kva som er årsaka til hendinga utover at vind, bølgjer og høg vasstand kan vere medverkande årsaker.

Fiskeridirektoratet vil i næraste framtid inspisere skadane på not og anna utstyr. Dette vil inngå i den endelege oppsummeringa og konkluderinga i denne saka.

Osen
Ved Marine Harvest AS sin lokalitet i Indre Skjervøy er dei siste angjevne rømmingstala 50 000-70 000 individ.

Bømlo
Fiskeridirektoratet opprettheld at talet på fisk som har rømt frå Brandasund Fiskefarm på Bømlo er 2267 laks. Fisken har ei snittvekt på 5,6 kilo.

Kontaktpersonar

  • Jan Erich Rønneberg - rådgjevar i Fiskeridirektoratet region Møre og Romsdal (telefon: 911 25 537
  • Hans Haddal – seniorrådgjevar i Fiskeridirektoratet region vest (telefon: 414 46 452)
  • Otto Gregussen - regiondirektør i Fiskeridirektoratet region Trøndelag (telefon: 948 89 933)
  • Jens Christian Holm - direktør ved kyst- og havbruksavdelinga (telefon: 416 49 170)
  • Olav Lekve - kommunikasjonssjef (telefon: 958 33 470)