Mistanke om ny rømming
Fiskeridirektoratet region Møre og Romsdal har motteke melding om muleg rømming frå ein lokalitet som ligg tett opp til fylkesgrensa mot Sør-Trøndelag.
Smøla
Fiskeridirektoratet region Møre og Romsdal har motteke melding om muleg rømming frå Marine Harvest AS sin lokalitet i Bremnessvaet. Lokaliteten ligg på austsida av Smøla, tett opp til fylkesgrensa mot Sør-Trøndelag.
Under rutineinspeksjon med kamera vart det observert hol i ei av tre nøter på lokaliteten. Holet er om lag 40 centimeter langt, og sit på om lag 25 meters djupn.
Fisken i nota er slakteklar, men Fiskeridirektoratet har per i dag ikkje oversikt over kor mange individ det er i den aktuelle nota.
Det er sett i verk gjenfangstfiske.
Bømlo
Tenestemenn frå Fiskeridirektoratet region vest hadde tilsyn på anlegget til Brandasund fiskeforedling i Kastevika fredag, og føl opp saka vidare.
Osen
Basert på best muleg teljing i svært dårleg ver, reknar Fiskeridirektoratet region Trøndelag med at mellom 50 000 og 70 000 laks har rømt frå Marine Harvest AS sitt anlegg i Indre Skjervøy.
Roan
Dersom veret tillet det vil det bli føreteke teljing på Salmar Farming AS sin lokalitet i Masterholman denne veka.
Kontaktpersonar
• Jan Erich Rønneberg - rådgjevar i Fiskeridirektoratet region Møre og Romsdal (telefon: 911 25 537
• Hans Haddal – seniorrådgjevar i Fiskeridirektoratet region vest (telefon: 414 46 452)
• Otto Gregussen - regiondirektør i Fiskeridirektoratet region Trøndelag (telefon: 948 89 933)
• Olav Lekve - kommunikasjonssjef (telefon: 958 33 470)
