Rømming etter uver
I etterkant av stormen «Berit» har Fiskeridirektoratet fått inn fleire meldingar om truleg rømming.
Meldingane gjeld ein vesentleg risiko for rømming i Fusa, ei mulig rømming i Roan og ei truleg større rømming i Osen.
Fusa
Det er risiko for at eit av anlegga til Bolaks i Fusa held på å bli øydelagt. Aquastructures har vore på staden og brønnbåt er på staden. Arbeidet med å flytte fisk til annan lokalitet er ikkje starta på grunn av vertilhøva. Dette vert kontinuerleg vurdert.
Selskapet satsar på å reparere anlegget slik at det vert stabilisert, samstundes som ein førebur alternativ lokalitet.
Roan
Salmar Farming AS melde muleg rømming i går på lokaliteten i Masterholman i Roan, og det er føreteke rutineinspeksjon med ROV.
Det vart oppdaga hol i ei merd, og ei flenge på tre meter frå botntela og opp. Flenga var ikkje utspelt.
Det er 345 000 fisk med ei snittvekt på 350 gram i merda. Gjenfangst med garn har så langt ikkje gjeve resultat, og ein vurdere difor rømminga som mindre omfattande enn den i Osen.
Dykkarar var på staden i går, og Fiskeridirektoratet region Trøndelag vil saman med «KV Njord» inspisere staden i ettermiddag.
Osen
Marine Harvest Norway AS sin lokalitet i Indre Skjervøy i Osen melde også truleg rømming til Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i går.
Fiskeridirektoratet sine representantar kom til dette anlegget i går kveld med «KV Njord». Fiskeridirektoratet held fram med undersøkingar på føremiddagen i dag.
Selskapet føretok rutineinspeksjon i går. Ei flenge på 13 meter, frå seks meter under botntela og sju meter over, vart oppdaga. Det var mistanke om same situasjon i ei merd til, men dykkarar har vore nede og sjekka og ikkje funne hol i denne merda.
Fisken har ei snittvekt på 550 gram, og det er 330 000-350 000 fisk i kvar not. Opplysingar som Fiskeridirektoratet har fått frå oppdrettar tyder på stor rømming, då den oppdaga flenga stod svært opa.
Fiskeridirektoratet region Trøndelag har gjeve førehandsvarsel om oppteljing av fisk og opptak av not så snart som råd er.
Opprettar operasjonssentral
Det er Fiskeridirektoratet region vest og region Trøndelag som føl opp desse sakene. Region Trøndelag har oppretta operasjonssentral i Osen ved hjelp av kystvakta («KV Njord»). Etter eige ynskje deltek politiet her i dag 30.11.11.
Direktoratet vurderer fortløpande behovet for å leige inn ekstern hjelp.
Kontaktpersonar:
- Hans Haddal – seniorrådgjevar i Fiskeridirektoratet region vest (telefon: 414 46 452)
- Otto Gregussen - regiondirektør i Fiskeridirektoratet region Trøndelag (telefon: 948 89 933)
- Olav Lekve - kommunikasjonssjef (telefon: 958 33 470)
