Du er her: Fiskeridirektoratet / Akvakultur / Aktuelt / Oppfølging av miljørapport


Oppfølging av miljørapport

Fiskeridirektøren inviterte til samrådsmøte etter at Havforskingsinstituttet tidlegare i vinter la fram sin nasjonale risikovurdering av miljøverknader av oppdrettsnæringa.

Tilstades var representantar frå Fiskeridirektoratet, Mattilsynet, Klima- og forureiningsdirektoratet og Direktoratet for naturforvaltning. Dei tre førstnemnde har forvaltningsansvar innanfor oppdrett, medan Direktoratet for naturforvaltning var invitert med bakgrunn i at dei har forvaltningsansvar for villaksen.

– Det er nyttig at Direktoratet for naturforvaltning er orientert om korleis forvaltningsetatane vil bruke den kunnskapen risikovurderinga gjer oss, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Fire etatsleiarar: Janne Sollie (direktør i Direktoratet for naturforvaltning), Liv Holmefjord (fiskeridirektør), Ellen Hambro (direktør for Klima- og forureiningsdirektoratet) og Kari Bryhni (direktør i Mattilsynet).

Godt motteke
Dei fire etatane fekk ein presentasjon av risikovurderinga på møtet og Havforskingsinstituttet sin rapport ble godt motteke. Det blei understreka verdien av å inkludere all relevant, kvalitetssikra og open forsking, og at motstridande eller manglande resultat bør komme fram som ein del av vurderinga.

– Vi diskuterte korleis dei ulike etatane arbeider med risiko innanfor sine ansvarsområde i dag. Under møtet kom det òg fram innspel frå etatane om forslag til forbetringar til neste utgåve av rapporten, blant anna om risikoområde som rapporten ikkje dekker, seier Homefjord.

Vidare diskuterte etatane muligheiter for ein meir samordna tilsynsaktivitet.

Alle etatane såg nytten av møtet, og fiskeridirektøren vil innkalle til nytt møte til hausten.