Rømming av torsk i Nordfjord
Fiskeridirektoratet vart i dag varsla om eit tap på omlag 20 000 torsk i Nordfjord. Dette forklarer truleg meldingane om rømt oppdrettstorsk i området dei siste vekene.
Det er selskapet Norsk Marin Fisk AS som i dag varsla om tapet av fisken frå eit anlegg ved lokaliteten Isane i Nordfjord.
Røminga har truleg skjedd for om lag ein månad sidan. Selskapet melde i det tidsrommet frå om at fritidsfiskarar fiska oppdrettstorsk i eit område nær lokaliteten.
Dykkarinspeksjon
Selskapet hadde den gongen dykkarinspeksjon på anlegget, men skal ikkje har fått tilbakemelding om observasjonar av hol i nøtene eller om reparasjonar.
Det vert no opplyst at det likevel har vore hol som vart reparert, men at dette ved eit misstak ikkje vart ført i dykkerrapporten.
Ønskjer framleis meldingar
- Opplysningane vi no har fått forklarer truleg meldingane om rømt oppdrettstorsk i området dei siste vekene. Fiskeridirektoratet er likevel framleis interessert i meldingar om oppdrettstorsk i Nordfjord, seier regiondirektør Hans Cato Haddal ved Fiskeridirektoratet region vest..
Meldingar kan sendast per e-post eller varslast på vår døgnbemanna beredskapstelefon 03415.
